Først i verda!! Gjennomslag Vågaåna Kraftverk.

Først i verda!! Gjennomslag Vågaåna Kraftverk.

Onsdag 7. juli kunne karane frå Norhard juble då borekrona kom ut i dagen. Dei hadde då bora 730 meter, stigande frå 30 gr til 50 gr, og treffpunktet var rein innartier. Les meir hjå Norhard

Boringa av øvre og lengste del av vassvegen til Vågaåna Kraftverk er eit pionerprosjekt.
Det har aldri før vore bora så langt og så bratt med denne retningsstyrte teknologien.
Det er NORHARD – «Norwegian Hard Rock Drilling» som har utvikla boreutstyret, og står for prosjektet,- på oppdrag frå Småkraft.

Dei har hatt nokre utfordringar undervegs med blant anna dårleg fjell. Men det som tok lengst tid var då borekrona kilte seg fast 550 m inne i tunnelen som har ein diameter på 70 cm. Les meir om dette HER.

Erfaringane frå dette prosjektet vil i følge Småkraft A/S bety eit skikkeleg gjennombrot for å byggje vassveg i fjell, sjølv på små prosjekt.

GRATULERA TIL NORHARD OG SMÅKRAFT!!!!
Les meir om utbyggjinga på Småkraft.no

Dagleg leiar i  Norhard Askjell Tonstad og leiar for teknologiutvikling Sigurd Kjell Haughom ventar i spenning!


Fjellet er gjennombora, og berre torv og røter er igjen.


Gjennomslag 07.07.2010. ca kl 22:00