Strålande utsikt frå Øspehaugen

Strålande utsikt frå Øspehaugen

Lars Staurland har merka turløype som endar på Øspehaugen. Turen startar ved gjerdeklyvar på høgre side av vegen som går til Imslandssjøen, eir par hundre meter nedanfor avkøyrsla til Bjortveit.  Her er godt merka løype, og det tek ca 15 minuttar gjennom skogen. På Øspehaugen kan du setje deg på benken og nyte utsikta over Vindafjorden.

OBS: Det er svært bratt på nedsida så pass godt på dei små!

«Vent krinom Vindafjords austlege strender…»