Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar


Turen til Myrstøl startar for mange med å svinge opp langs vegen på austsida av Ølmedalsvatnet. Kjem du nedanfrå, ta av til høgre og inn på privat bomveg rett før Ølmedal camping. Køyr til enden av skogsvegen, parker og gå gjennom bom inn på ny skogsveg. Etter om lag 15-20 min, ta av til høgre opp ein kort sideveg, som tek deg til ein godt synleg sti inn i skogen. Gå forbi to raude stølshus og vidare mot Vasstølvatnet. Langs vatnet er det god sti. Ved enden av vatnet møter du ei elv. Etter vel 15 min er du framme ved Myrstøl. Om du finn kong Håkon 7 sitt sirlege monogram på steinhella ved den vesle grå stølsbua, teng du ikke vere i tvil. Nyt freden, stilla , nistepakken og evt hjortebrøl i lia om du er her på hausten.

God tur!

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716