Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 


Det var ei koseleg og fin hausttakkegudsteneste søndag 29. sept. Under gudstenesta var der også utdeling av "Mi kyrkjebok" til fire-åringane.

Det var ein flott inngong med barn frå bygda som bar inn frukt og grønsaker frå avlinga i haust. Dei nye konfirmantane tok del i gudstenesta, las forbøna og tende lys.

Kasper Rønnevik og Celine Rønnevik  var fire år og fekk utdelt bok og CD. Lillian Eikeland song med dei og fortalde om boka dei skulle få.

Takk til bygdekvinnelaget som pynta og kom med frukt og grønsaker . Takk også til presten vår Harald Eintveit. Bygdekvinnelaget takkar for pengegåva til misjonsprosjekt dei støttar i Sambolabo,i Kamerun.


Soknerådet

.
FaceBook

Brødrene Selvik AS frå Sauda er godt i gong med arbeidet med ny bru ved Skjøljavatnet.
Ny Skjøljabru er det største prosjektet på rv 46 gjennom Imsland sidan den "nye" vegen blei bygd frå Ølmedal til Revamyrå i fyrste halvdel av 70-talet.

Denne gongen er det ikkje ei tradisjonell bru som vert bygd, men ein 8m brei og ca 25m lang kulvert, over denne blir det steinfylling/muring med ei total lengde på vel 40m. I samband med dette arbeidet skal det sprengjast ut ca 8000m3 fjellmasse på vestsida av brua. Dette gjere at vegen vert mykje betre der den har vore både smal og bratt.  Arbeidet skal vere ferdig i desember.

.
FaceBook

Bygdekvinnelaget har lagt planar for hausten. Heldigvis inneber det mellom anna kafe på bygdahuset og middagsservering i god gammal stil! Resten av planen finn du ved å trykkje på "Les meir"-lenka.

 

.
FaceBook

Imslandsbuen gjekk "mann av huset" for å få med seg årets store 4H-arrangement, den tradisjonelle haustfesten, som markerer slutten på eit 4H-år. Eit fullsett bygdahus fekk sjå 4H-arane i aksjon på scenen, i eit show som mellom anna inneheld talentkonkurranse og sketsjar med skråblikk på lokale saker:-)

.
FaceBook

4H klubben i Imsland har gleda av å invitera deg til haustfest fredag 19. oktober på Imsland bygdahus.

Vaksne kr 100,- / born kr 50,-

Festen byrjar klokka 19. Utstillingane opnar kl 18.

Det vert underhaldning, utdeling av merke, mat og kaffi.

Alle er hjerteleg velkomne!

Beste helsing Hauk 4H

.
FaceBook

Me hadde besøk av Tomas Finnvik på skulen. Han fortalde frå kyrkja og kyrkjelivet. Elevane syntest det var interessant å høyra korleis det var før i tida.
Elevane laga veggavis fra det dei lærte av Tomas, og frå det som stod i den flotte jubileumsboka om kyrkja.

Ein av dagane hadde me kyrkjevandring nede i kyrkja.Sokneprest Harald Eintveit var med og fortalde og synte oss rundt. Elevane laga flotte sakteikningar frå kyrkja, dei laga kolstiftteikningar, og nokre av elevane måla Gud. Alt dette blei stilt ut på Bygdahuset på jubileumsfesten.
Me byrja tidleg i haust å samla tomme melkekartongar. Me ville bruka dei til å laga ein modell av kyrkja. Den blei ikkje ferdig til jubileet, men nå står kyrkja utstilt i Imsland kyrkje. Ingrid Marie Dale hadde ansvar for dette prosjektet.





.
FaceBook

Bygdekvinnelaget har vore i barnehagen og servert mat av havre til ungane. - Me hadde med oss havreboller, havrevafler og havresuppa som fall i god smak, seier leiaren i bygdekvinnelaget Marit Svandal.

 

.
FaceBook

Haustfesten er kvelden der 4H-medlemane inviterer slekt og venner, kjende og ukjende, til å komme og markere slutten på 4H-året.  Utstilling av prosjekt, mat, lotteri og underholdning stod på programmet, alt i regi av medlemane sjølve.  Fredag var det fullt hus på bygdahuset, og 4H-arane kan puste ut etter VEL BLÅST haustfest,-)


Oskar og Eivind studerer utstillingane. Kanskje vil dei byrje i 4H og lage utstilling sjølve neste år?

 

 

.
FaceBook

Fredag går 4H sitt store arrangement - HAUSTFESTEN - av stabelen, og denne veka er det øving nesten kvar dag. Innsatsvilje og godt humør pregar øvingane;-)

- Det vert eit kjekt program melder medlemane, som likevel ikkje vil røpa noko av innhaldet. - Den spenninga skal me halde fram til fredagen.

Alle er velkomne til haustfest på Bygdahuset fredag 29. oktober. Utstillingane opnar klokka 18:00 og festen byrjar klokka 19:00.

.
FaceBook

 - Me satsar på intensiv arbeid dei neste 2-3 vekene for å få rommet oppe på Bygdahuset klart til bruk, seier Terje Ersland, som er initiativtakar til prosjektet.

Dersom du vil, så er du er med dette invitert til å bli med på dugnad for å få siste rest på plass.

 

 

.
FaceBook

 

 Arbeidet med å byggje idrettshall i Vikedal er godt i gang, og i helga var ein driftig dugnadsgjeng frå Imsland i sving.
- Planen er at hallen skal stå ferdig til våren og dugnadsgjengen gjer ein kjempejobb, seier Jan Nordtveit, som sit i byggekomiteen. 

.
 
Henning Nordtveit, Edvind Marvik, Bjarne Rønnevik, Magne Egil Langeland, Arne Langeland, NN og Ole Johan Staurland brukte laurdagen til forskaling av ringmur til idrettshallen.

.
FaceBook

I samband med Hjortapuben på Bygdahuset i går 16. oktober, arrangerte Hjortefestivalen norsk meisterskap i brunstbrøl. Det kom mykje folk, til og med TV-team frå Sebyen. Sjå innslaget HER



Det blei Imslandsbuen Leif Egil Olsen som klarte å å framføra brunstbrølet sitt på ein så framifrå måte at dommarane kåra det til best i landet...
Ifølgje dommarane skulle han eigentleg ha vore ein spissbukk, men han høyrdest meir ut som ein tolvtaggar!!

Omlag 150 personar frå ulike bygdar var innom puben, og Geir og Andre spelte god musikk som alle såg ut til å vera fornøgde med.

Imsland Bygdahus var svært fornøgde med denne trivelege kvelden!

 

.
FaceBook

Etter gudstenesta 24. oktober vert det halde soknemøte kor ein skal handsama
biskopen sitt forslag til ny gudstenesteforordning. Dvs forslag til kor mange
gudstenester ein skal ha i året i kvart sokn og når desse skal vera.

.
FaceBook

På ekstraordinert årsmøte i vassverket vart det i kveld vedteke at årsmøtet ynskjer at kommunen skal overta vassverket frå 01.01.2011.
27 medlemar møtte, og vedtaket var samrøystes.

.
FaceBook

Ingebrigt Bjelland er Ryfylking, og født i Imsland. Han står bak Folkeleg musikk i Rogaland, som vart gjeven ut nyleg. Ein viktig del av Rogaland sin musikktradisjon vert løfta fram og dokumentert ved denne utgjevinga, som består av lydplater og tilhøyrande bok med notar, tekst og kommentarar på norsk og engelsk til alle songane/ låtane.

.
FaceBook

Søndag 26. september vart årets konfirmantar presenterte i Imsland kyrkje. Her er dei:



Frå venstre: Anette Imsland Birkeland, Hanne Øvregård, Mari Ersland, Sondre Kvaløy, Bård Ersland og sokneprest Harald Eintveit. Helge Hummervoll er og konfirmant, men var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto: Theodor Imsland

.
FaceBook

Imsland skule er med i det pedagogiske prosjektet Kvitebjørnen - undring og læring.

Prosjektet startar når elevane går i 6. trinn og skal fylgja elevane 2 veker kvart år til dei går ut av 10. trinn. Dette året har Kvitebjørnen fokus på innovasjon, og elevane skal ta utgangspunkt i sitt eige nærmiljø og nytta fantasien og skaparkrafta si for å koma opp med idear til forbetringar.

Prosjektet har mellom anna målsetjing om at elevane skal verta betre kjende i sitt eige miljø og læra meir om historien til heimstaden sin.

Imsland skule har mellom anna vore på tur til Imslandsjøen. Du kan lese skulen sin blogg her.

Det er Rasmus Løland-stiftinga som står bak det pedagogiske prosjektet. Du kan lese meir om Kvitebjørnen her.

.
FaceBook

Kor tid: Tysdag 27. oktober klokka 19:00
Kor: Ryfylkemuseet på Sand
Arrangør: Suldal sogelag
Kåsør: Tomas Finnvik

Først etter 2. verdskrigen kunne ein produsera kunstfrosen is i Noreg. Det Vestlige Norges Iscompani vart skipa på Ropeid kring 1890. Initiativtakar og grunder var lensmann Hans Kolbeinstveit frå Sand.

.
FaceBook

Formannskapet handsama i dag saka om eventuell nedleggjing av Imsland og Bjoa skular. Med unntak av Terje Kleiven, H, var det eit samstemt formannskap som avviste rådmannen si innstilling  om vidare utgreiing for å leggje ned skulane.

Det var ikkje stemning for å endre skulestrukturen, men formannskapet gjorde vedtak om at bygdene sjølve må ta eit ansvar for å gjere bygda til ein attraktiv stad å bu, og på denne måten motverke nedgang i folketalet.

{#emotions_dlg.smile}Redaksjonen jublar for vedtaket som vart gjort og er glad for at politikarane ser kor verdifull grendaskulen er! No er det opp til oss å gjera Imsland til ein eindå trivelegare stad å bu.

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716