Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Haustfesten markerar slutten på 4H-året. På haustfesten sist fredag viste medlemene fram oppgåvene sine og laga fest for heile bygda. Det er stor spredning i valg av prosjekt, men ein del medlemar vel oppgåver om dyr. Her er hund, hest og katt blant favorittane. Klubben ser og at musikkinteressa blant born og unge står sterkt, noko som vert gjenspegla i val av oppgåver og i underhaldninga frå scenen. Oppgåva Bakaren er ei smakfull og alltid populær oppgåve.

Hovuddelen av underhaldninga var i år inspirert av TV-program som Idol, Norske Talent og X-faktor. Me ynskte å visa fram Imsland sine talent, og det vart til slutt ei variert artistliste: Sjonglørar og komikarar, eit heilt nytt korps, diablogutar, aspirantkor, mannskor, rockeband, jenteband og ein ekte moteskapar. Dommarane konkluderte med at Imsland er smikkfullt av talent.

Kvelden starta med lysbilder frå nokre av aktivitetane me har hatt i år og eit fullsett bygdahus fekk sjå den sjølvskrivne sketsjen Extrme Makeover.

Ann Helen Olsen og Marita Langeland Wiland har fullført eit langt 4H-løp, og kunne ta med seg 4H-plaketten heim.

Hauk 4H takkar DOMMARANE for at dei stiller år etter år og evaluerer oppgåvene.
Klubben er og svært glad for økonomiske bidrag til festen: Takk til Imsland og Vikedal Sau og Geit, Imsland Bondelag og Vindafjord kommune!
- og takk til foreldra som bidreg med praktisk hjelp før, under og etter festen!


Her er bilete frå sceneshowet:

 

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716