Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Etter nærare to eventyrlege år i Shanghai vil Arild Ersdal med sambuar Lars Aalgaard Kingsrød nå venda nasen heimover. Frisk luft, stillheit, fiske og fjellturar heime er noko han saknar mest, men opphaldet i Kina kallar han for ein sjanse han berre måtte ta, ei moglegheit han ikkje tregar på at han sa ja til.


Lars og Arild på tur til Tibet

Først og fremst er me jo interessant å få vita kva er det du gjer i Shanghai?

Sambuaren min fekk tilbod om jobb i ABB i Shanghai, og etter litt diskusjon i heimen og forhandlingar med ABB takka han ja til jobben. Eg tok to års permisjon frå jobben min som røyrleggjar i Stavanger og me pakka kofferten og satt kursen mot Kina i slutten av april 2008.  Eg har alltid hatt ein draum om å gjera noko heilt annleis, til dømes reise rundt i verda i eitt år, så dette tilbodet kunne me berre ikkje takka nei til. Eg har jobba mykje i mange år og såg fram i mot å ha litt fri, rett nok for ei avgrensa tid, og å kunne vera fleksibel i forhold til kva dagen skal innehalde.

Kva gjer du på om dagane?

Lars jobbar måndag til fredag og er stort sett ikkje heime før kl 18:00 om kvelden. Det betyr at eg har mykje tid til disposisjon, og at eg måtte finna meg nokre faste haldepunkt i kvardagen.
Det tok litt tid å kjøpa alt me trong til leilegheita, men heldigvis har dei Ikea også her i Kina.

Me er medlemmar på eit treningssenter som ligg berre 15 min gange frå der me bur, og dit går eg stort sett eit par timar kvar dag. Sidan eg ikkje jobbar er det sjølvsagt at eg tek meg av det meste som må gjeras av praktiske ting i heimen. Det meste er ganske annleis her i Kina, og daglege ting, som å betale ei rekning i banken eller poste eit kort, som tar 5 minutt heime i Noreg, tar fort 30 minutt her.

I mai 2008 kjøpte me ein hund, ein Golden Retriever som heiter Jenny. Me er begge oppvaksne med dyr, og har i lengre tid hatt lyst å skaffe oss hund men har ikkje hatt tid. No var det ein god anledning til å ha ein kvalp i hus sidan eg har mykje fritid, så eg og Jenny har gått lange turar rundt i Shanghai stort sett kvar dag. På desse turane er det mykje å sjå, alt frå moderne skyskraparar til fattige strøk kor dei ikkje eingong har innlagt vatn eller toalett.
Til jul 2009 tok me med oss Jenny heim til Noreg og ho står no i karantene på austlandet fram til april.


Utsikt frå balkongen

Me har og lært litt kinesisk av ein privatlærar som kom heim til oss ein kveld per veke, men kinesisk er veldig annleis enn dei språka me kjenner i Europa og det tok tid å lære berre dei enklaste orda. Me snakkar på langt nær flytande kinesisk, men kan snakke litt taxi-kinesisk og restaurant-kinesisk og det er god hjelp i kvardagen sidan mange kinesarar ikkje snakkar engelsk.

Eit av måla våre med å bu to år i Kina var og å reise rundt i Kina og i resten av Asia, og det har me gjort. Me har reist heim til Noreg kvar jul, elles har me vore fleire plassar i Kina. Lars har mest meir ferie enn ein lærar heime i Noreg, og det er jo ikkje ein dårleg ting!

I feriane har me difor vore i mange land; Thailand, Kambodsja, Vietnam, Hong Kong, Macao, Australia, Filippinane, Palau og Japan og nå i februar skal me til New Zealand.
Me har og reist mykje rundt i Kina, blant anna til Beijing, Hainan, Moganshan, Den Kinesiske Muren, og ein 52 timars togreise tvers gjennom Kina. Elles har me vore på fleire dagsturar til dei mindre landsbyane i Shanghai-provinsen.

Når me flytter tilbake til Noreg har me planar om å ta den transsibirske jernbanen frå Beijing via Mongolia og Sibir til Moskva før me flyr det siste stykket heim til Stavanger.
Alle desse reisene har vore utruleg spanande, og det er sjølvsagt minner for livet.

Korleis bur du? Kan du fortelja litt om korleis det ser ut der du er?

Etter eit par veker på hotell fann me ein leilegheit midt i sentrum av byen, og me bur i 26. etasje i verdas tettast befolka bydel. Shanghai har om lag 20 millionar innbyggjarar så det er mykje liv og menneske overalt. Det er sjølvsagt veldig annleis å sjå ut av glaset i heimen vår her i Shanghai i forhold til i Stavanger. På den eine sida har me utsikt ut mot den moderne delen av byen, og der ser me skyskraparar med høgde på 400 – 500 meter.

Om kvelden set dei på lys på alle bygningane og det er eit flott syn. På den andre sida har me utsikt mot den fattige delen av Shanghai, og kontrastane er store. Her bur heile familiar med fleire generasjonar i små leilegheiter kor dei har ein liten butikk i første etasje kor dei sel alt mellom himmel og jord.


Utsikt mot to av dei høgaste skyskraparane i verda

Kor lenge skal opphaldet ditt i Kina vare?

Me flytter heim til Stavanger i byrjinga av mai, då har me budd her i 2 år og det er nok. Lars fekk tilbod om å forlenge kontrakten med ABB for ennå eitt år, men det takka me nei til. Me gler oss begge til å flytte heim til Noreg, og spesielt eg ser fram i mot å jobbe igjen.

Er det lett å tilpassa seg i Shanghai?

Det er mange måtar å tilpassa seg til ein plass på, og svaret til spørsmålet ditt er nok både ja og nei. Kinesisk kultur er på alle måtar veldig, veldig annleis enn den norske og i tillegg er jo språket ei barriere.

I byrjinga var alt nytt og spanande, men det tok sjølvsagt tid å komma inn i den ”kinesiske rytmen”. Etter kvart venner ein seg til støy, trafikk, mykje folk og forureining og det blir ein del av kvardagen.

Me har ingen kinesisk omgangskrets, men har fått gode vener både frå Noreg, Sverige, Palestina, Frankrike, Spania, Sør-Afrika, Australia og mange andre plassar. 

Ja, me kjenner oss heldige som har fått oppleve alt det me har gjort og privilegerte som i det heile fekk moglegheita til å flytte til Kina.   Kva saknar de mest i Kina?  Me saknar familie og vener, frisk luft og stillheit, fjellturar og fiske i Vindafjorden og hytteliv på Ropeidhalvøya.
Det er jo ikkje slik at me går og kjenner på dette kvar dag, men nokre dagar lengtar ein jo meir heim enn andre dagar. Dessutan ynskjer me jo ikkje stillheit heile tida, men berre moglegheita til å kunna oppsøkja han...

Kva kjem de å sakna frå det kinesiske tilveret når vender nasen heim att?

Me kjem til å sakna vener me har fått i løpet av desse to åra, samt å gå ut og ete på restaurant eller bestille mat heim til ein låg pris.

Me vil sakna mykje god kinesisk mat og kinesisk massasje. Det kostar ca. 70 kroner for 2 timar, så me går på massasje ein gong i veka.
Me vil også sakna lågt prisnivå samanlikna med Noreg. Her kostar 1 liter bensin ca 5 kroner, å få stryke ei skjorte kostar ca 2 kroner, å få seg ein skreddarsydd dress kostar ca 400 kroner og så vidare...


Sal av grønnsaker i nabolaget der Lars og Arild bur

Tekst og foto: Arild Ersdal /  Lars Aalgaard Kingsrød / Aurelija Hustveit

Normal 0 21 false false false MicrosoftInternetExplorer4

Arild Ersdal - ein av tjue millionar i Shanghai

Etter nærare to eventyrlege år i Shanghai vil Arild Ersdal med sambuar Lars Aalgaard Kingsrød nå venda nasen heimover. Frisk luft, stillheit, fiske og fjellturar heime er noko han saknar mest, men opphaldet i Kina kallar han for ein sjanse han berre måtte ta, ei moglegheit han ikkje tregar på at han sa ja til.

Først og fremst er me jo interessant å få vita kva er det du gjer i Shanghai?

Sambuaren min fekk tilbod om jobb i ABB i Shanghai, og etter litt diskusjon i heimen og forhandlingar med ABB takka han ja til jobben. Eg tok to års permisjon frå jobben min som røyrleggjar i Stavanger og me pakka kofferten og satt kursen mot Kina i slutten av april 2008.

Eg har alltid hatt ein draum om å gjera noko heilt annleis, til dømes reise rundt i verda i eitt år, så dette tilbodet kunne me berre ikkje takka nei til. Eg har jobba mykje i mange år og såg fram i mot å ha litt fri, rett nok for ei avgrensa tid, og å kunne vera fleksibel i forhold til kva dagen skal innehalde.

Kva gjer du på om dagane?

Lars jobbar måndag til fredag og er stort sett ikkje heime før kl 18:00 om kvelden. Det betyr at eg har mykje tid til disposisjon, og at eg måtte finna meg nokre faste haldepunkt i kvardagen.

Det tok litt tid å kjøpa alt me trong til leilegheita, men heldigvis har dei Ikea også her i Kina.

Me er medlemmar på eit treningssenter som ligg berre 15 min gange frå der me bur, og dit går eg stort sett eit par timar kvar dag. Sidan eg ikkje jobbar er det sjølvsagt at eg tek meg av det meste som må gjeras av praktiske ting i heimen. Det meste er ganske annleis her i Kina, og daglege ting, som å betale ei rekning i banken eller poste eit kort, som tar 5 minutt heime i Noreg, tar fort 30 minutt her.

I mai 2008 kjøpte me ein hund, ein Golden Retriever som heiter Jenny. Me er begge oppvaksne med dyr, og har i lengre tid hatt lyst å skaffe oss hund men har ikkje hatt tid. No var det ein god anledning til å ha ein kvalp i hus sidan eg har mykje fritid, så eg og Jenny har gått lange turar rundt i Shanghai stort sett kvar dag. På desse turane er det mykje å sjå, alt frå moderne skyskraparar til fattige strøk kor dei ikkje eingong har innlagt vatn eller toalett. Til jul 2009 tok me med oss Jenny heim til Noreg og ho står no i karantene på austlandet fram til april.

Me har og lært litt kinesisk av ein privatlærar som kom heim til oss ein kveld per veke, men kinesisk er veldig annleis enn dei språka me kjenner i Europa og det tok tid å lære berre dei enklaste orda. Me snakkar på langt nær flytande kinesisk, men kan snakke litt taxi-kinesisk og restaurant-kinesisk og det er god hjelp i kvardagen sidan mange kinesarar ikkje snakkar engelsk.

Eit av måla våre med å bu to år i Kina var og å reise rundt i Kina og i resten av Asia, og det har me gjort. Me har reist heim til Noreg kvar jul, elles har me vore fleire plassar i Kina. Lars har mest meir ferie enn ein lærar heime i Noreg, og det er jo ikkje ein dårleg ting!

I feriane har me difor vore i mange land; Thailand, Kambodsja, Vietnam, Hong Kong, Macao, Australia, Filippinane, Palau og Japan og nå i februar skal me til New Zealand.

Me har og reist mykje rundt i Kina, blant anna til Beijing, Hainan, Moganshan, Den Kinesiske Muren, og ein 52 timars togreise tvers gjennom Kina. Elles har me vore på fleire dagsturar til dei mindre landsbyane i Shanghai-provinsen.

Når me flytter tilbake til Noreg har me planar om å ta den transsibirske jernbanen frå Beijing via Mongolia og Sibir til Moskva før me flyr det siste stykket heim til Stavanger.

Alle desse reisene har vore utruleg spanande, og det er sjølvsagt minner for livet.

Korleis bur du? Kan du fortelja litt om korleis det ser ut der du er?

Etter eit par veker på hotell fann me ein leilegheit midt i sentrum av byen, og me bur i 26. etasje i verdas tettast befolka bydel. Shanghai har om lag 20 millionar innbyggjarar så det er mykje liv og menneske overalt. Det er sjølvsagt veldig annleis å sjå ut av glaset i heimen vår her i Shanghai i forhold til i Stavanger. På den eine sida har me utsikt ut mot den moderne delen av byen, og der ser me skyskraparar med høgde på 400 – 500 meter. Om kvelden set dei på lys på alle bygningane og det er eit flott syn. På den andre sida har me utsikt mot den fattige delen av Shanghai, og kontrastane er store. Her bur heile familiar med fleire generasjonar i små leilegheiter kor dei har ein liten butikk i første etasje kor dei sel alt mellom himmel og jord.

Kor lenge skal opphaldet ditt i Kina vare?

Me flytter heim til Stavanger i byrjinga av mai, då har me budd her i 2 år og det er nok. Lars fekk tilbod om å forlenge kontrakten med ABB for ennå eitt år, men det takka me nei til. Me gler oss begge til å flytte heim til Noreg, og spesielt eg ser fram i mot å jobbe igjen.

Er det lett å tilpassa seg i Shanghai?

Det er mange måtar å tilpassa seg til ein plass på, og svaret til spørsmålet ditt er nok både ja og nei. Kinesisk kultur er på alle måtar veldig, veldig annleis enn den norske og i tillegg er jo språket ei barriere.

I byrjinga var alt nytt og spanande, men det tok sjølvsagt tid å komma inn i den ”kinesiske rytmen”. Etter kvart venner ein seg til støy, trafikk, mykje folk og forureining og det blir ein del av kvardagen.

Me har ingen kinesisk omgangskrets, men har fått gode vener både frå Noreg, Sverige, Palestina, Frankrike, Spania, Sør-Afrika, Australia og mange andre plassar.

Ja, me kjenner oss heldige som har fått oppleve alt det me har gjort og privilegerte som i det heile fekk moglegheita til å flytte til Kina.

Kva saknar de mest i Kina?

Me saknar familie og vener, frisk luft og stillheit, fjellturar og fiske i Vindafjorden og hytteliv på Ropeidhalvøya.

Det er jo ikkje slik at me går og kjenner på dette kvar dag, men nokre dagar lengtar ein jo meir heim enn andre dagar. Dessutan ynskjer me jo ikkje stillheit heile tida, men berre moglegheita til å kunna oppsøkja han...

Kva kjem de å sakna frå det kinesiske tilveret når vender nasen heim att?

Me kjem til å sakna vener me har fått i løpet av desse to åra, samt å gå ut og ete på restaurant eller bestille mat heim til ein låg pris.

Me vil sakna mykje god kinesisk mat og kinesisk massasje. Det kostar ca. 70 kroner for 2 timar, så me går på massasje ein gong i veka.

Me vil også sakna lågt prisnivå samanlikna med Noreg. Her kostar 1 liter bensin ca 5 kroner, å få stryke ei skjorte kostar ca 2 kroner, å få seg ein skreddarsydd dress kostar ca 400 kroner og så vidare...

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716