Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


×

Åtvaring

JFolder: :filer: Banen er ikkje ei mappe. Sti: [ROOT]/images/stories/haustpub14
×

Merknad

There was a problem rendering your image gallery. Please make sure that the folder you are using in the Simple Image Gallery plugin tags exists and contains valid image files. The plugin could not locate the folder:

{youtube}ZkZNLkBVOuQ{/youtube}


Åpen kyrkje 17.mai fra kl.11-12.
Kristi himmelfartsdag: Drive-in-gudsteneste på parkeringsplassen ved bygdahuset kl.11.

Alle hjarteleg velkommen
Helsing Soknerådet

Me treng alle å lufte oss litt. Kvifor ikkje ta med dei du bur i lag med på ein liten PÅSKEVANDRING TIL KYRKJA DI? - med eller uten solbriller !

Les HER korleis det fungerer.

Onsdag 19. februar 2020 klokka 20:00 på Bygdahuset
Framlegg som nokon ynskjer å få handsama på møtet må være sendt undertegna innan 5. februar.
Endeleg saksliste blir publisert på denne sida innan 12. februar.
Før årsmøtet byrjar blir det val av representantar til B-gruppa, med personlege varamedlem.

Sak 1/2020: Val av 2 personer til å underskrive protokoll
Sak 2/2020: Godkjenning av innkalling og sakliste
Sak 3/2020: Orientering frå styret: Årsmelding og rekneskap for 2019
Sak 4/2020: Vedtak av budsjett for 2020
Sak 5/2020: Vedtektsendring
§7 Representantskapet
Tidligere tekst: Andelseigerane i B- gruppa har til saman rett til fem representanter og desse blir valde for 2 år. For kvart medlem skal det veljast ein personlig varamann

Ny tekst: Andelseigerane i B- gruppa har til saman rett til fem representanter og desse blir valde for 2 år. Det skal være 5 varamedlemmer til andelseigerane i B-gruppa.

Sak 6/2020: Vedtektsendring
§8 Møte i representantskapet
Tidligere tekst: Representantskapet er vedtakført når minst 2/3 av representantane er tilstades

Forslag til ny tekst: Representantskapet er vedtakført når minst 1/2 av representantane er tilstades

Sak
Sak 7/2020: Val av leiar for Representantskapet
Sak 8/2020: Val av styremedlemmer og varamenn
Sak 9/2020: Val av Styreleiar og nestleiar
Sak 10/2020: Val av revisorar
Sak 11/2020: Val av nytt medlem i valnemda

Me treng minimum 8 representanter for å være vedtaksdyktige, så gi beskjed til undertegna om du ikkje har høve til å møte.

Morten Svandal
Leiar Representantskapet
Telefon: 952 07 657
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Det blir årsmøte i Imsland grendautvalg torsdag 5 mars 2020 kl.19.30 på bygdahuset

                        Saksliste
Sak 1: Godkjenning av saksliste og innkalling
Sak 2: Valg av møteleiar
Sak 3: Valg av 2 til å skrive under møteprotokoll
Sak 4: Godkjenning av årsmelding
Sak 5: Godkjenning av regnskap
Sak 6: Valg av 2 nye styremedlemmer
Sak 7: Innkomne saker/Ymse

Styret må ha innkomne saker seinast 14 dager før årsmøte

           Styret i Imsland grendautvalg

Me i 4h arrangerer haustfest 2.november, utstillingene åpner 18.00 og festen begynner 19.00. Det er gratis inngang for barn under skolealder, 50 kr for de under 18 år og 100kr for de over?det blir servering av mat, kaker og kaffi, underholdning og loddsalg. Håper du vil komme?

Søndag 28. oktober kl 13.00 - 16.00:

Matfestival med sal av tapasretter. Ta søndagsmiddagen på bygdahuset og kos deg med det beste Imsland kan by på.

Me serverer ulike salte og søte, varme og kalde smårettar til kr 30,- pr stk. og lagar til ein koseleg bygdekafe. 

Torsdag 13.september kl 17.30

Imsland Bygdahus er med i konkurranse om midler til nytt lydanlegg. Håpar folk vil hjelpa oss ved å gi ei stemme. Tusen takk?

Følg denne link: https://poll.fbapp.io/ifpqpb-2294690/D2i---ls

Det vert halde årsmøte i representantskapet for året 2017 på Bygdahuset onsdag 28. februar klokka 19.30
I samsvar med vedtektene skal møte handsama fylgjande foreløpige sakliste:

1. Årsmelding og reknskap
2. Framlegg til budsjett for komande år.
3. Val av leiar i representantskapet for komande år. (Vald blant representantane.)
4. Val av styremedlemmer m/varamenn, leiar og nestleiar.
5. Val av revisorar
6. Andre saker som står på saklista.

Andre saker som styre eller andelseigarar vil ha opp til drøfting/vedtak i årsmøte, må vera representantskapet i hende seinast 2 veker før møtet.
Endeleg innkalling og sakliste kjem ei veke før møtet.

Sverre Hustveit
leiar i representantskapet.
– Tlf. 47269900, epost: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Det vert årsmøte i Imsland Grendautval på Imsland Bygdahus torsdag 22. februar kl. 19.00.
Saksliste:
1. Godkjenning av innkalling og saksliste
2. Val av møteleiar
3. Val av 2 til å skriva under i møteboka saman med møteleiar
4. Årsmelding
5. Rekneskap
6. Innkomne saker
7. Val
8. Ymse
Innkomne saker må vera hjå ein i styret innan 7 dagar før årsmøtet. Styret i år har vore: Leiar Hanne E. Imsland, nestleiar Ann Helen Olsen, kasserar Berit Haugland, sekretær Anette Klungtveit, styremedlemmer Ann Kristin Eikeland, Kristin Schibevaag og Anette Haraldseid.

Vel møtt!
Grendautvalet

Tid: 30 okt kl 19.30
Sted: Oppe på Bygdahuset

Agenda:
1. Gjennomgang av året som har vært. 
2. Regnskap
3. Tanker for kommende år. 
4. Valg av: 3 styreplasser. 2 revisorer og valgnemnd. 
5. Innkomne saker/eventuelt.

?Ønsker du å være med i styret eller kjenner noen som kan være en kandidat ta kontakt med valgnemnda v/ Ingrid Marvik eller Bodil Hustveit ?

Har du saker kan disse meldes til Bente Kjos-Wenjum eller Gudrun Margrete Dyrseth. Innen 19 okt.

Det blir eit lite lotteri så ta med nokre kroner viss du vil delta på dette.

Vi gleder oss til å se deg ?

-Styre Imsland Bygdekvinnelag. ??

Endeleg snart 17.mai igjen! 

Det var ein god gjeng som rydda på kyrkjegarden, både Soknerådet men og frivillige. Det vart brukt krafser, brakjesakser, river, gaffler og malerkost.
Ved godt mot gikk alle til arbeid og kaffepause.
Helsing Soknerådet
 

Det vert halde  årsmøte i representantskapet for året 2016 på Bygdahuset tirsdag 21. mars klokka 19.30
I samsvar med vedtektene skal møte handsama fylgjande foreløpige sakliste:    

1. Årsmelding og reknskap
2. Framlegg til budsjett for komande år.
3. Val av leiar i representantskapet for komande år. (Vald blant representantane.)
4. Val av styremedlemmer m/varamenn, leiar og nestleiar.
5. Val av revisorar
6. Andre saker som står på saklista.

Andre saker som styre eller andelseigarar vil ha opp til drøfting/vedtak i årsmøte, må vera representantskapet i hende  seinast 2 veker før møte.
Endeleg innkalling og sakliste kjem ei veke før møtet.

Leiar i representantskapet. Sverre Hustveit  – Tlf. 47269900,
epost:  Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Rådmannen har lagt fram budsjettforslag der det er forslag om å slå saman rektoren ved Imsland skule og barnehage med Vikedal skule.

Me i FAU ved Imsland skule og barnehage og Imsland grendeutval vil gjerne høyre DI meining om dette. Skal me la dette skje eller skal me jobba for å behalda rektor ved skulen vår?

Budsjetteforslaget finn de her: https://www.vindafjord.kommune.no/siste-nytt/budsjettframlegg.460093.aspx     om lag side 51.

Møt opp på bygdahuset måndag 21.11.16 kl. 20!
Enkel servering 

mvh
FAU ved Imsland skule og barnehage
Imsland grendeutval

 

Det blir julegrantenning på Imsland Bygdahus søndag 27. november kl. 13.00.

Det blir sal av risengrynsgraut, kaker og kaffi.

Lisa Marvik og Kamilla Hustveit vil syngja for oss dette året óg! Det blir fleire boder med sal av ulike produkt, korpset spelar, og det blir loddsal med fine gevinstar!
Kanskje kjem nissen til oss dette året óg?

VELKOMMEN!
Helsing Grendautvalet

 

Tradisjoner er til for å holdes! Derfor gler eg meg nå til juleverkstad her på låven Hjå oss på Øvregård!

Tysdag 8.november kl 19 blir det strikkekveld - oppe på bygdahuset. Alle er velkomne!!!

 

Tid: måndag 5. september kl 17.00 – 20.00
Kor: Oppmøte ved Lorthavn, båthavna på Storøynå
Guide: Lars Dalen. Lars er frå Ølensvåg og seier sjølv at han har litt kjennskap til det som veks i naturen, inkludert matsopp.
Ta med: Noko godt til deg sjølv; ein kaffiskvett for eksempel – og litt å eta på. Kanskje ei lita korg i tilfelle du finn sopp…?
Turen er open for alle - menn og kvinner, unge og gamle
Kostnad: Ingentinglaughing

Helsing Imsland Bygdekvinnelag

Gudsteneste Imsland kyrkje kl 11.00

Felles start  med informasjon og veghistorie ved Imslandsgarden kl 13.00. 
(Parkering ved bygdahuset eller Imslandsjøen, ca 15 minutt gåtur til Imslandsgarden)

Smårettar anno 1916 langs Ørevikvegen frå kl 13.00 - 15.00
Knokesuppe med grovbrød frå steinovnen på Øvregard
Tørka sild og poteter
Makrell og poteter
Flatbrød, spekemat og poteter
Fløytekolle, sukker og kavring
Havregrynssuppe med saft
20,- pr porsjon

Servering av kaffi og kaker på bedehuset i Imslandssjøen etter vandring langs Ørevikvegen
Jubileumskaka blir tatt fram klokka 15.30
Ordføraren er visstnok glad i kake og har sagt han vil kommalaughing

Historietime med Thomas Finnvik klokka 16.00 - på bedehuset:  Livet ved Imslandssjøen i 1916

Du kan ellers rusle rundt ved Imslandssjøen og sjå deg om - og feks stikka innom Krambua til Teodor og sjå om det går an å få tak i kandissukker eller andre søtsaker!

Alle er velkomne!!!

Masse fine bær - amerikanske blåbær - hjå Guri på Hustveit Gard i Imslandlaughing
Sjølvplukk: kroner 50,- pr kg
Henvending: Guri, på tlf 976 12 785

Bli med bygdekvinnelaget på tur til Fatet søndag 24.april!

Dette er ein fellestur for alle som har lyst å vera med - små og store - og me kjem til å leggje ut overraskingar og oppgåver langs stien.
Ta med eiga niste, drikke, kaffi etc.  

Me går frå Brattaland klokka 12.00. Det er ca 10 P-plassar oppe ved Brattaland - alternativet er parkering nede og ta beina fatt opp den første kneika. Hugs bompengar kr 20,- viss du skal køyra opp til Brattaland.

Viss du lurer på noko kan du ta kontakt med Bente, tlf 47231735

Det vert årsmøte i Imsland Grendautval på Imsland Bygdahus tysdag 03.02.2015 kl. 19.00.

Saksliste:

  1. Godkjenning av innkalling og saksliste
  2. Val av møteleiar
  3. Val av 2 til å skriva under i møteboka saman med møteleiar.
  4. Årsmelding
  5. Rekneskap
  6. Innkomne saker
  7. Val
  8. Ymse

Innkomne saker må vera hjå ein i styret innan 7 dagar før årsmøtet. Styret i år har vore: Leiar: Sølvi Staurland, nestleiar Berit Haugland, kasserar: Ann Kristin Eikeland, sekretær: Hanne E. Imsland, styremedlem: Margunn Fjetland, Anette Klungtveit og Ann Helen Olsen.
Det blir noko å bita i.

Vel møtt!

Torsdag 2.oktober kl 19.30 på bygdahuset

Representantar frå Tysvær Bygdekvinnelag kjem. Desse damene vil fortelja om korleis den yngre generasjon overtok laget fullt og heilt – og om korleis dei nå driv laget på moderne vis.

Dei vil gi råd og tips og dele sine erfaringar.

Kryss av i kalenderen! Dette blir kjempegreier.
Klikk på bildet under og sjå plakaten!
{gallery}haustpub14{/gallery}

Det er no fire hjertestartarar i Imsland: på nedsida av bygdahuset, på coopen i Kvaløy, ved saga til Lars Berge i Rønnevik og på fiskeanlegget i Vågafossen.

Salen skal få nye lys og nytt golv, og tak og vegger skal malast.
Marit var i Haugesund på fredag og mottok kr. 25.000,- frå Haugesund Sparebank til nytt golv. Bilde og meir info finn du på banken si heimeside.

 

Hustveit – Rindanuten – Vasstølsvatnet – Hustveit. 2-3 timar

Køyr opp skogsvegen (bomveg) frå Hustveit og parker på opplagsplassen. Her står tavla vår. Følg skogsvegen til høgre. Dette er kommuneturen i år og den er merka heilt opp til Rindanuten med raude stikker.

Når vi kjem opp til den øvste myra, før siste oppstigning til nuten, svingar rundturen vår av til venstre. Her er merka med raude silkeband fram til Vasstølsvatnet. Vi går langs denne myra litt, går opp på fjelldraget og følger dette innover, framom Liabøskaret, vidare langs foten av Dyranibba og ned mot vatnet. Ta dykk tid til å gå ut på fjellknausane og nyt utsikten.

Ved Liabøstølen kjem vi inn på vegen til Myrstøl. Denne er også merka med raude stikker frå opplagsplassen og fram til Myrstøl. Følg stikkene til de ser vatnet og finn dei raude silkesløyfene att. Vi svingar av mot venstre, langs vatnet, over gjerdeklyvaren og ned langs gjerdet der de finn kassen vår. Her er det fint!

Heimturen går tilbake via Liabøstølen. Følg stikkene heilt ned til opplagsplassen. Nydelig tur nedover, delvis langs Hustveitelva.


Øspehompen. 30 min. ein veg.

Start ved Børkjelandsvatnet på tømmerflåta og gå over gjerdeklyvaren. Her er godt merka sti heilt fram til Øspehompen. Dette er eit utsiktspunkt der de har Vindafjorden under dykk.

IKKJE SLEPP UNGANE I FØREVEGEN. DET ER STUPBRATT NED TIL SJØEN.


Skjøljanuten. Tur/retur ca. 2 timar.

Køyr av til venstre før Skjøljabrua på veg innover. Parker her og følg den gamle vegen til Selland eit stykke. Sving til høgre og følg merka løype opp til Skjøljanuten. Turen er merka med raude band.

Alle turane har boks med navnebok. Bøkene blir tatt inn 30.august Det blir trekt ein premie i kvar bok. I tillegg trekkes premie til dei som har gått alle turane.

VIS NATURVET OG TA OMSYN TIL GRUNNEIGERANE OG DEIRA DYR. LUKK GRINDAR OG LE OG HUGS BANDTVANG.

GOD TUR – ALDRI SUR

Det vart samla inn kr 6110,50 under fasteaksjonen på tirsdag. Vi takkar bygdefolket for store og små bidrag og takk til konfirmantar og foreldre for innsatsen.
Soknerådet

Til lag og organisasjoner i Imsland:

Velkommen frå din forening til orienteringsmøte

Me ynskjer å gjere Vindafjord til ein bedre plass å bu.
Då treng me DEG med på lag!
Infomøte på ungdomsklubben Public, Ølen, torsdag 16/1-14 kl 19.

Helsing Vindafjord frivilligsentral og Folkehelseinspirator
v/ Elisabeth Nesheim
E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

 

Istadenfor å kaste det som blir til overs etter jul, vert du no invitert til julerestebord av Allehånde. Dette blir ein hyggeleg kveld i koseleg vinterstemning.

Ta med deg kjeks, gløgg eller noko anna du har til overs. 
Oppmøte her hjå oss på Rørtveit tysdag 7.januar 2014 kl. 19.30.
påmelding til Dagmar, tlf 94248462
 
Ønskjer alle ei gledeleg jul!
 
Helsing Dagmar

Soknerådet legg ut restopplaget av jubileumsboka til sal til rimeleg pris.  Kanskje passande julegåve til vaksne born, tanter eller onklar eller andre med tilknytning til bygda. Finst på lokale butikkar, bank og bokhandlar.
Treng du meir enn ei bok, kan du få eit ennå betre tilbod ved å ta kontakt med underteikna på telefon 917 53 446.

Me har 18.12.13 siste kreativkveld "Vintervakker gjenbruk" kl. 20 her hjå oss på Rørtveit.

Denne kvelden lagar me kreative & fine lysestakar.

Dei kan du ikkje berre bruke til jul - men er fine heile året. 


Eg serverer heimelaga toddy og juletapas. Julestemning er inkludert - surprise-surprise


Har du lyst å vera med? Påmelding innan 17.12.2013
Eg tek 200 kr, dette inkluderer materiell og mat.

Nærmere info: tlf 942 484 62 Helsing Dagmar

Allehånde opner døra for første gong onsdag 11. desember 2013 frå kl. 12 - 16.
Kanskje du har lyst & tid til å stikke innom til oss på Rørtveit?

Velkommen til oss !!

Med helsing, Dagmar og Fred 942 484 62

 

Då er "Allehånde-mangfoldig flerbruk" klar!!! "Allehånde" står for bruktbua, møteplass, nabokroken.
 
Me har tenkt på ein kreativ temakveld "vakker gjenbruk" fredag 6.12.2013 kl. 20 her hos oss på Rørtveit i kjellaren og lager denne kvelden fine lysestakar.
 
Har du lyst å vera med? Påmelding innan 05.12.2013 kl 14.00.
 
Pris: 200 kr for denne kvelden, inkl. material og litt fingermat :-)
 
VELKOMMEN HOS OSS !!! Nærmere info tlf 942 484 62 Dagmar
 

Det vart ein fantastisk triveleg kveld på Øvregard med flotte tre og mosekuler. God julestemning og masse gløgg!

 

Fredag 29 nov kl 20 blir det juleverksted på låven hjå oss på Øvregard. Der skal me lage fine juletre av mose. Juletrea er like fine inn som ute. Me skal kose oss med rømmegraut og gløgg. Varmedress passe fint:-).

Det kostar 200,- for heile pakken med mat og materiell. 

Påmelding innan kl 12 fredag 29/11. 

97 118 177 for meir info. Mvh Anita Øvregård

Det vert årsmøte i Imsland Grendautval på Imsland Bygdahus torsdag 21.11.2013 kl. 19.30.

Saksliste:

1.    Godkjenning av innkalling og saksliste
2.    Val av møteleiar
3.    Val av 2 til og skriva under i møteboka saman med møteleiar.
4.    Årsmelding
5.    Rekneskap
6.    Hjartestartarkurs- kven skal me sende/vil på kurs?
7.    Innkomne saker
8.    Val
9.    Ymse

Innkomne saker må vera kome til ein i styret 7 dagar før årsmøtet, anten Sølvi Staurland, Elisabeth Staurland, Anita Øvregård, Anette Haugland, Margunn Fjetland, Ann Kristin Eikeland eller Hanne E. Imsland.

Det blir noko og bita i.

Vel møtt!

Det var ei koseleg og fin hausttakkegudsteneste søndag 29. sept. Under gudstenesta var der også utdeling av "Mi kyrkjebok" til fire-åringane.

Det var ein flott inngong med barn frå bygda som bar inn frukt og grønsaker frå avlinga i haust. Dei nye konfirmantane tok del i gudstenesta, las forbøna og tende lys.

Kasper Rønnevik og Celine Rønnevik  var fire år og fekk utdelt bok og CD. Lillian Eikeland song med dei og fortalde om boka dei skulle få.

Takk til bygdekvinnelaget som pynta og kom med frukt og grønsaker . Takk også til presten vår Harald Eintveit. Bygdekvinnelaget takkar for pengegåva til misjonsprosjekt dei støttar i Sambolabo,i Kamerun.


Soknerådet

Brødrene Selvik AS frå Sauda er godt i gong med arbeidet med ny bru ved Skjøljavatnet.
Ny Skjøljabru er det største prosjektet på rv 46 gjennom Imsland sidan den "nye" vegen blei bygd frå Ølmedal til Revamyrå i fyrste halvdel av 70-talet.

Denne gongen er det ikkje ei tradisjonell bru som vert bygd, men ein 8m brei og ca 25m lang kulvert, over denne blir det steinfylling/muring med ei total lengde på vel 40m. I samband med dette arbeidet skal det sprengjast ut ca 8000m3 fjellmasse på vestsida av brua. Dette gjere at vegen vert mykje betre der den har vore både smal og bratt.  Arbeidet skal vere ferdig i desember.

Du har kanskje lagt merke til at det er komme nye fine benker utanfor Bygdahuset?

Bygdahuset har kjøpt inn fleire benker slik at ein no slepp å køyre bygda rundt for å samle isaman når det skal vera store arrangement ved huset. Takk til Tore og Torstein Øvregård som køyrde benkene på plass!

Helsing styret i Imsland Bygdahus

 
 

Det var folksomt på Kvaløy-kaien i dag, då den årlege fiskekonkurransen gjekk av stabelen.

Her finn du oversikt over årets turar, som er merka og tilrettelagt av Imsland Bygdekvinnelag. God tur til Trommenuten, Rindanuten og Hestskar{#emotions_dlg.smile}

 

Fredag 31. mai blei den nye sandvolleyballbanen i Imsland opna.
Banen blei påbegynt i 2012 og stod ferdig til vinteren. Flott dugnadsinnsats har gjort at me har fått ein solid bane med internasjonale mål.
Den er på 14x22 meter med sand av topp kvalitet (sanden er lik den  som blei brukt under VM i sandvolley i Stavanger i fjor).
Prislappen blei 125 000 kroner, finansiert med gåver frå Hauk 4H, grendautvalet, FAU , tippemidlar og sjølvsagt dugnadsinnsats:

Tusen takk til Hans  og VMA som hjalp oss med grunnarbeidet, Ole Johan, Magne Egil, Knut Jostein, Tore Ø. og Sverre som kjørte massar og sand, Leif Bjarne som skaffa tømmerstokkane, Tore I., Bjørn, Steinar og Edvind som har hjulpe til med så mangt!
Utan dykkar hjelp hadde me ikkje fått dette til!

Leiar i Hauk 4H, Leiv Vidar Rønnevik, klypte snora og deretter arrangerte Hauk 4H volleyballturnering.
Det var sydenstemning på skuleplassen denne kvelden, - spela berrføtt i kvit sand og 20 grader er absolutt å anbefala!

Nå håpar me at så mange som mogleg vil bruka den nye volleyballbanen og ha mykje glede av den!


Helsing sandvolleyballgruppa:
Svein Cato Birkeland
Linda Nordtveit
Bodil Imsland

Med tida 27.15 vart Helge Hummervoll den raskaste Imslandsbuen i år, berre 5.52 bak vinnaren, Anders Aukland.



Kun 4 superlokale sprang løypa rundt vatnet i år: Håvard Ersland kom i mål på tida 30.15, Torjus Imsland sprang på 33.50 og Johannes Staurland på 34.03.
78 stk stillte i barneløpet, som gjekk av stabelen for tredje gong.
742 deltok på løpet totalt.


Både private og offentlege vegar i Vindafjord skal få navn.

No ligg det føre eit høyringsutkast som er sendt til uttale. Frist for å komma med merknad og innspel er 11.05.13.

Du finn oversikt over forslaget på heimesida til kommunen.

Kontakt prosjektleiar Berit Hetland (53656563 / 46425445) viss du har spørsmål

Jan Nordtveit sitt bilde av Valdemar Svortevik fekk årets einaste gullmedalje i konkurransen Årets fotograf. Les meir og sjå bilde her.

Grunnen til dette er at innredningsprosessen på loftet likevel skal utføres av dugnadsgjengen som opprinneleg var i gang med arbeidet. Dette skal skje i de nærmeste månedene.

Loftet skal etter planen drives som en del av huset. Når rommet er ferdig innreda planlegges det en offisiell åpning og et allmøte. Der skal alle interessene rundt drifta av loftet samles, en finner ordninger for bruken av rommet, og en starter forhåpentligvis mange aktiviteter.

Som andre deler av bygdahuset vil loftet stå til disposisjon for alle i bygda. Det blir en aldersgrense tilpassa ungdommen og en vaktordning som de voksne brukerene og foreldre av ungdommene skal delta i.

Rommet innredes først og fremst med tanke på ungdom, men det blir muligheter for alle alderstrinn. Rommet skal ha et kjøkken, en sofakrok, ei bokhylle med plass til litteratur, stoler, projektor, lerret og høytalere (kino), et musikkhjørne med en liten scene og noen få instrumenter. Mulige bruksområder er f.eks. møtestad for ungdom, 4H møterom, kinorom, musikkrom, datarom, bibliotek (bøker/blader/filmar), kaffistova, aviskrok.

Styret IBH

Fredag arrangerte Hauk 4H karneval på bygdahuset. Stemningen var stor, og huset var fullt av fargerike personar frå 1.klasse og oppover.

Det var sal av pizza, pølser, kaker, brus og godteri, og det var råd å få spå seg, kaste på boksar, tippe antal seigmenn på glas,
anse limbo
og vere med på dansekonkurranse.

Alle såg ut til å kosa seg. Falken 4H frå Vikedal var og inviterte, og 5 derifrå dukka også opp. Det sette me stor pris på!

 

Imsland sokneråd har mottatt informasjon om at avdøde Arne Døske har testamentert kr 200.000,- til Imsland kyrkje og kr 200.000,- til Imsland bedehus. Pengane skal setjast på konto og avkastninga  brukast til vedlikehald av kyrkja og av bedehuset.
Arne Døske er son av Syvert og Anna Døske som dreiv butikk ved Imslandsjøen fram til 1970-talet. Han vart gift med Inger, og som nygift bygde han og foreldra ny tomannsbustad ved Imslandsjøen med butikklokale i kjellaren. Begge borna, Syvert og  Christine er fødde her.  Ekteskapet vart oppløyst og familien flytta frå bygda.
Arne reiste tidleg til sjøss og arbeidde som stuert heile livet. Han døydde siste nyttårsafta på tur med hurtigruta, kor han tidlegare hadde jobba i fleire år. Han budde nå i Haugesund. Nyleg gav han også ein million til Redningsselskapet.
Imsland sokneråd vil på vegne av soknet takka Arne Døske og familien for denne fine gåva  og lyser fred over hans minne.

FAU arrangerte skøytedag på Børkjelandsvatnet søndag 20. januar, og små

FAU arrangerte skøytedag på Børkjelandsvatnet søndag 20. januar, og små

FAU arrangerte skøytedag på Børkjelandsvatnet søndag 20. januar, og små

FAU arrangerte skøytedag på Børkjelandsvatnet søndag 20. januar, og små

Det var ei yrande liv på Børkjelandsvatnet i dag, då FAU arrangerte skøytedag for imslandsbuen. Små og store møtte opp for å prøva isen, dei fleste hadde skøyter - og dei aller sprekaste hadde seg ein real hockeykamp. FAU selde pølser, kake og varm saft.  Det var rett og slett ein triveleg dag!

Klikk på LES MEIR-knappen for å sjå fleire bilete

Det var ei yrande liv på Børkjelandsvatnet i dag, då FAU arrangerte skøytedag for imslandsbuen. Små og store, unge og gamle prøvde isen - dei fleste hadde skøyter - og dei sprekaste tok seg ein real ishockeykamp. FAU selde varm saft, pølser og kake og det var rett og slett ein triveleg dag!

Det vert julamøte tysdag 11.desember klokka 18 - 21.

Me startar møtet i barnehagen, der det blir ulike aktivitetar som å laga marsipanfigurar og risbollar. Hugs å ta med kakeboks til dette:-)

Me skal og ha nokre uteaktivitetar, så ta med akebrett/ ski.

Så blir det avslutning i lavoen der det vert servert graut.

Kjekt om du kjem!!!!

Vel møtt. Helsing styret:-)

Møte vert halde på Bygdahuset onsdag den 5. desember 2012 kl.1930.

Les innkallinga HER

Trykk på LES MEIR-knappen viss du vil lesa årsmeldinga til Grendautvalet

 

Bygdekvinnelaget har lagt planar for hausten. Heldigvis inneber det mellom anna kafe på bygdahuset og middagsservering i god gammal stil! Resten av planen finn du ved å trykkje på "Les meir"-lenka.

 

Imslandsbuen gjekk "mann av huset" for å få med seg årets store 4H-arrangement, den tradisjonelle haustfesten, som markerer slutten på eit 4H-år. Eit fullsett bygdahus fekk sjå 4H-arane i aksjon på scenen, i eit show som mellom anna inneheld talentkonkurranse og sketsjar med skråblikk på lokale saker:-)

4H klubben i Imsland har gleda av å invitera deg til haustfest fredag 19. oktober på Imsland bygdahus.

Vaksne kr 100,- / born kr 50,-

Festen byrjar klokka 19. Utstillingane opnar kl 18.

Det vert underhaldning, utdeling av merke, mat og kaffi.

Alle er hjerteleg velkomne!

Beste helsing Hauk 4H

Alle vegar skal få navn og alle hus skal få nummer. Dette er for at utrykningskøyretøy skal finna fram på ein sikker og rask måte.


Les om då Imsland Bygdahus blei innvigd i november 1979 i lokalavisa som då hadde namnet "Vindafjordingen" HER

10 årsjubileum blei feira med fest på huset i november 89. HER

Desse utklyppa er tatt vare på og skanna av Per Sigmund Hustoft

På Bjortveit er det på tysdagar trening med islandshestar. Her er det mykje fokus på gangarter, noko som er litt spesielt med denne hesterasen. Me er så heldige å få ha Jane Espevold frå Vikedal som instruktør. Ho har mykje å lære jentene.

Fredag 18.august var Bjørn Mo, Hilde Bjelland Abelseth, Linda Skaar og 5.-7.klasse frå Imsland skule på elvesafari i Hustveitelva. Før me begynte å gå i elva så måtte me kjøre litt, og så gjekk me litt på ein traktorveg.

Då me starta å vassa nedi vatnet, var det litt kaldt, men etter kvart blei det varmare. Me gjekk nemleg med sko og klede rett uti elva. Det er jo ikkje heilt vanleg når me skal på tur!!Wille syntest ikkje det var kaldt fordi han dykka mest med ein gang han kom uti. Då me hadde gått eit stykke på flaten,  begynte det å bli fleire store , og me måtte klatra. Det var glatt så me måtte passa på kor me sette foten. Då me var halvvegs, tok me oss ein pause og  nokre av oss sumde i vatnet.

I fjor deltok 6.klasse ved Imsland Skule i ein fotokonkurranse som Rogaland Skogsselskap arrangerte.

Dei tok bilete med tema "Tre om tre", og etterpå skulle dei skriva ein tekst til bileta.
Torbjørn Mo frå Imsland blei fylkesvinnar, og torsdag fekk skulen besøk av 2 frå Skogselskapet som delte ut ei flott vinnargåve,- eit Canon EOS 1100 D, minne kort, bag og fotostativ.
Dette var ein flott og nyttig premie som heile skulen får glede av! Flott, Torbjørn!!

Hovudmålet med konkurransen var å motivera barn og unge til å bruka skogen og til å forstå skog og natur. Etter premieutdelingen var representantane frå Skogselskapet i Rogaland med på
synfaring i den nye, flotte lavvoen, og dei syntest det var kjempeflott der oppe på lavvoområdet!
Du kan lese om dette på H-avis og

Det er fleire som har paint-ball i 4h-oppåve i år, og Cruys har no lyst å samle ein gjeng og reise til Frønsdal aktivitetsgard for å spele i skogsløypene der.

Aktuelle datoar er 1. eller 8. september, alt etter kva dag som passar best.

Det er plass til grupper frå 6 til 14 personar frå 12 år og oppover. Gruppa vert delt inn i 2 lag.

Alle kan bli med, og det er ikkje nødvendig med førehandskunnskap, då alle vil få opplæring. Kyndig personell frå aktivtetsgarden skal vera med under heile kampen. Kampen kan vare opp til 3 timar. Deltakarane fårvutlevert alt nødvendig utstyr, men det er og høve til å bruka sitt eige. (men prisen er den samme).

Pris: 400,- for våpen, fargekuler og instruktør. 50,- for eingongsdress.


Håpar mange hiver seg rundt, og er med på ein real pantball krig i dei
djupe skogane på Frønsdal!

Påmelding til  97 14 77 73 innan 30. august.
Skriv opp kva dato som passar best for deg.

Heilt i sjøkanten på ferjekaien ligg det. Venterommet. Bygget er integrert i naturen. Fram i tid skal ferja leggjast ned. Venterommet blir ståande att. Tomt og åleine. Same kor lenge ein ventar vil ferja aldri komme.

Ei gruppe kunstnarar, mange med røter frå staden, vil saman forvandle venterommet og kaien til eit scenerom med ei framsyning som utforskar omgrepet tid og det å vente. Bli med i eit spanande venteunivers og opplev musikk, dans, teater og installasjon.

Informasjon om tidspunkt, kjøp av billettar mm: suldal.kulturhus.no


Tomas11. august feira Tomas Finnvik 75-års dag med ope hus heime på Hyttebøen.
Ordførar Ole Johan Vierdal kom og overrekte denne gjeve utmerkinga.
Han snakka om alt det friviljuge arbeidet Tomas har gjort opp gjennom åra.
Han nemnde blant anna Vindafjordingen, Vindetreet, sogelags- og anna historiearbeid, kyrkjeleg arbeid,
bygdabøkene, politikk og kåseri med meir.
Alle som var til stades applauderte, og tykte dette var vel fortent!
Tomas kunne fortelja at han hadde ei slik medalje i huset frå før, denne var det far til Tomas som hadde gjort seg fortent til.

Mange gjester kom for å gratulera, og desse fekk flott og kjempegod bevertning.
Det starta med heimelage smørgraut, og så fortsette det med smørbrød, lefser, pannekaker, vafler og mange flotte kaker.
Kjøkkensjefen var frå Finnvik, og ho hadde nådd pensjonsalderen for ei god tid sidan...  Ho hadde god kontroll på kjøkkenet, og dette er ikkje dårleg når ein er 90 år og vel så det!
Fleire av gjestene tok ordet, og det var mange gode og fine ord å høyra.  Musikk frå "bedehusauså" (= banjoen)  til Andreas Rosså vart det og!

Det vart ein fin og minnerik dag for både jubilanten og gjestene, og eg er glad for å ha vore med på feiringa!
Til deg Tomas: Gratulera med dagen, medalja og audiensen!! God tur til Oslo!
Lukke til med ulike prosjekt og oppdrag i tida framover!
Klikk på bileta for full storleik.

Løpet blei arrangert fredag 20. juli.  210 personar deltok.
128 i mosjonsklassen og 82 i konkurranseklassen.
Vinnaren av herreklassen, Thomas Vestbø  sette ny rekord med tida 21.39. I dameklassen blei det og ny rekord av Maryna Novik  på 26.55.

Les Heile Resultatlista.

http://www.youtube.com/watch?v=IKyytNmjZQ4

Bedehusbasaren er ei årviss hending ved Imslandsjøen.
Bedehuset har blitt rusta mykje opp i den siste tida, slikt kostar pengar, og basaren er den viktigaste inntektskjelda.  
Onsdag i sist veke var basarkvelden, og oppslutnaden var overveldande. Fullt hus og vel så det, både bufaste imslandsbuar og feriefolk. Utan å ha talt, vil me tru at dei siste var i fleirtal. Folk i alle aldrar, flest kvinner , men og ein heil flokk karar.
Alt som kunne vinnast var gåver, så det vart eit solid overskot, 22.000 kroner.
Vinstane var varierte, mykje var kjøpte ting, men også ein god del heimelaga, spøtavarer og dukar, mellom anna ein fin og forseggjord juleduk.
Den musikalske underhaldninga sytte  ”Song og spel” frå Vikedal for.
Sokneprest Eintveit hadde lova å halda andakt, men vart hindra av gravferda til ein nær slektning i Bergen. Han sende kona i staden, det kan han trygt gjera ein annan gong og.
Tradisjonen tru vart det servert kaffi, te og saft, og i tillegg mykje god og heimelaga kakemat. Ein vellukka kveld for alle, både dei som vann, og dei som laut gå tomhendte heim.  
To av dei eldste på basaren : Ingebjørg Hustveit, snart 92, og Karen Bratteland 86.


Foto: Bodil og Håvard tek ein siste sjekk på frukostbuffeen fredag morgon.

Rootsfestivalen startar i dag, torsdag 12. juli, og Imslandsbuen er også i år klar til å servere frukost til festivalgjestene{#emotions_dlg.cool}. Er dette eit fristande tilbod til deg og - sjølv om du kanskje ikkje deltek på festivalen?

Pris: 100,- for vaksne og 50,- for born. Då kan du ete kor mykje du vil! 
Opningstider: Fredag, laurdag og søndag frå 9 - 12
Kor: Båthamna i Vikedal
Betaling: Kontantar eller cashless

 

Datoen var 6. juli, veret var storveges og treffet makelaust vellukka.
Det var Jon Rønnevik som hadde ideen, og som saman med brør og foreldre fekk treffet i stand.
Ei av årsakene til at det vart halde nå, var at Leiv Rønnevik rundar år i alle næraste framtid. Ein heldt til i den nye storstova til Lars Berge.
Treffet var slett ikkje for kven som helst. Forutan å vera mann, måtte du ha runda dei sytti, og gått på skulen på Hyttebøen.
14 mann vart me kring langbordet, og stemninga var god og drøset høglydt. Ein hadde meir enn rikeleg å mimra rundt. Gamle bilete frå skulen, var også eit godt utgangspunkt for mange grundige samtalar. ”Kin kan de vara?”
Serveringa var i god og gamal tradisjon: Rømmegraut og spekemat, dravle, lefse og lappar, og til slutt fløytekake.  
Som siste post på programmet synte Lars B Skipevåg gamle bilete frå Vindastrånnå, då var klokka blitt elleve. Ein hadde halde det gåande i seks stive timar, og framleis var mykje udrøst.

Klikk på bileta for full storleik.

17 personar deltok på turneringa i Krutle søndag 24. juni. Det var sett opp 15 postar i ei løype som gjekk frå reiskapshuset ved Børkjelandsvatnet til Litle Preikestolen. Svært forenkla kan ein sei at det heile går ut på å treffe alle postane på færrast muleg kast. Postane stod rundt omkring i skogen, i ei nokså utfordrande rundløype{#emotions_dlg.wink}

Turneringa gjekk over 2 rundar, og 11 "proffe" spelarar gjennomførte. I tillegg deltok 6 lokale amatørar. Alexander Aursland vann for andre år på rad.


Her er Turid ved post 11 "Litle Preikestolen". Ho skal treffe korga på andre sida av stupet.

17 personar deltok på turneringa i Krutle søndag 24. juni. Det var sett opp 15 postar i ei løype som gjekk frå reiskapshuset ved Børkjelandsvatnet til Litle Preikestolen. Svært forenkla kan ein sei at det heile går ut på å treffe alle postane på færrast muleg kast. Postane stod rundt omkring i skogen, i ei nokså utfordrande rundløype{#emotions_dlg.wink}

Turneringa gjekk over 2 rundar, og 11 "proffe" spelarar gjennomførte. I tillegg deltok 6 lokale amatørar. Alexander Aursland vann for andre år på rad.


Her er Turid ved post 11 "Litle Preikestolen". Ho skal treffe korga på andre sida av stupet.

No kan du gå Eventyrstien i Ølmedal og sjå korleis skule-elevane nytta dei siste formingstimane før sommarferien{#emotions_dlg.cool}

Grendautvalet har sendt bilete frå rasteplassen på Ørevikvegen. Lars Staurland har gjort jobben med å fikse rekkverket. Grendautvalet seier at Lars alltid er positiv når dei ber om hjelp, noko dei set svært stor pris på!

Med SMIL-midlar frå kommune/ fylkesmann er det og rydda og utført hogstarbeid ved rasteplassen, slik at utsikten over fjorden no er betre{#emotions_dlg.smile}


Påmelding på kaien i Kvaløy kl. 11.00-12.00,
fiske frå Kl. 12.00-14.00. KR. 30,- PR PERSON
PREMIERING.
SALG AV VAFLER OG KAFFE
LYNLOTTERI
LANGÅPENT PÅ COOP {#emotions_dlg.cool}
TA MED BÅTEN OG KOM TIL KVALØY !



Førstkommande søndag, 24. juni, vert frisbeegolfturneringa Imsland Open arrangert for andre året på rad. Det føregår i Krutle, og turgåarar må vera litt oppmerksomme når dei ferdast i området på søndag.

Turneringa startar klokka 11.00 og er open for alle{#emotions_dlg.cool}. Det er ei krevande løype og du bør ha på deg godt skotøy, seier arrangørane. Morten kan låne ut frisbee til dei som vil delta.

Spørsmål og påmelding til Morten Svandal: 952 07 657 / Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. innan laurdag klokka 16.00.

Ny flott lavo er no på plass på Lavo-haugen ovanfor skulen. FAU har hatt fleire dugnadskveldar og no byrjar det å ta form! Næringslivet i Imsland har sponsa og planen er å innreie med benkar og skinnfeller, ovn, bålpanne osv.

Invitasjon til sommarkveld tysdag 19.juni 2012

Dei siste åra har fau og eininga i lag arrangert ei markering av at skule -og barnehageåret snart er slutt. 
Foreldre, søsken, besteforeldre og andre som ønskjer, er hjarteleg velkomne til å vera med på dette{#emotions_dlg.smile}

Dette året blir programmet slik:

o    Kl.18.00 møtest dei som kan på lavvohaugen for offisiell opning av den flotte, nye lavvoen som fau har fått opp
o    Frå kl.18.30 møtest me på skuleplassen for å:  Gå langs eventyrstien ved vatnet og høyra kunstnarane sjølv (5.-7.kl) fortelja frå eventyra dei har laga skulpturar til
o    Grilla medbrakt mat på grillane som fau har gjort klare
o    Kjøpa kaffi, kaker og lappar frå fau
o    Diverse aktivitetar i regi av fau (rebus, gjetta på non-stop td)
o    Gå innom klasseromma og barnehagen og sjå

o    Ca kl. 19.30 møtest me i det grøne hjørnet for nokre korte innslag

Vel møtt til ein triveleg kveld {#emotions_dlg.smile}

Helsing fau og tilsette i skule og barnehage

Ps. Om vèret blir altfor dårleg, trekkjer me innomhus etter kvart.

Grendautvalet har denne veka stått på for å gjera det fint i Imsland no før sommaren. Dei har grusa og laga sti, og pynta og planta langs vegen. Det ser flott ut, og bygda er no klar for å ta imot kanskje 1000 gjester i morgon på idrettslaget sitt Ølmedal Rundt-arrangement.


Torstein, Anita, Anja og Sølvi plantar i krukker langs vegen.

rna i Imsland barnehage kosar seg i flott sommarvær. Her er S-gjengen på kanotur, og har på seg redningsvestane dei fekk av Marine Harvest.

Det er Hege og Torunn som er med i kanoen, og av borna er det S-gjengen; Beate, Asbjørn, Norma Kristine og Konstanse.

Fin og tradisjonell 17.mai-feiring i Imsland i dag. Godt jobba av komiteen som fekk arrangementet i fanget som "julekvelden på kjerringa". Trykk på LES MEIR-knappen så finn du bilete frå feiringa og svar på rebusen.

Tursesongen er i gang og Bygdekvinnelaget har også dette året lagt ut "Nutaturar" for oss. God tur ut!

I veka som kjem vert det korpsøving tysdag 8.mai og torsdag 10. mai. Klokka 19.00 begge kveldar.

Her er årets konfirmantar i Imsland. Ein flotte gjeng, ikkje sant?
Sermonien vert halden i Imsland kyrkje søndag 29. april klokka 11.00. Gratulerar med dagen!


22. - 25. juni  skal det vera fylkesleir i Rogaland 4-H i Julebygda.
Det er for alle frå og med 12 år.

Nytt i år er at på laurdagen skal det vera mange ulike kjekke kurs ein kan melde seg på. Ser veldig kjekt ut!

For nærare info kan ein gå inn på 4-H.norge/rogaland.no  Der står fullt program.


Alle klubbar må ha ein vaksen pr 10 deltakerar, påmeldingfrist er 4. mai.
Ein melder seg på via nettsidene til 4-H.
Me vil gjerne ha tilbakemelding om kven som melder seg på, og om nokon vaksne har mulighet til å vera med. Meld til Anne  Gro (97147773)


Bli med bygdekvinnelaget på vårtur til FjørSilkeBris , ein koseleg kafe i Tysvær med eigen ekslusiv butikk; Hjerterom.

Her kan du finne den perfekte gåva, eller kanskje noko til deg sjølv som du ikkje visste at du trengde.
I tillegg har dei no kunstutstilling av Anne-Grete Øygarden. 

Himmelsk buffe inneheld ulike smårettar - og blir servert med varme smil og med tende lys og levande blomar på bordet.

Det bli tid til å rusle rundt og sjå både i butikk og på utstilling før me set oss til bords.

Kor tid: Torsdag 26. april
Oppmøte: ved bygdahuset klokka 17.00 så køyrer me i lag i privatbilar.
Maten vert servert klokka 19.00
Påmelding: På grunn av matserveringa må du melde deg på. Fristen er 20. april.
Pris: Medlemmer kr 250,- / Ikkje medlemmer kr 350,-
Påmelding til Olaug tlf 90978591 eller til Torild tlf 97042213

Alle er velkomne til å bli med på felles hyggestund på FjørSilkeBris!

Anita hadde med seg egg, og laga innbakt egg og bondeomelett til store og små!!

Tysdag 20.mars arrangerer Hauk 4H tur til Saudahallen med pizza og brus etterpå for alle medlemene!

Avgong frå Imsland bygdahus kl. 16.30 (me satsar på privatbilar), retur frå Sauda omlag klokka 21.00.

Pris: Medlemene betalar sjølv for bading. Hauk 4H spanderar pizza og drikke.

Påmelding: innan fredag 16.mars til Anne Gro (mobil 97147773)

Alle medlemene kan delta!

Bli med då vel, dette blir kjekt!

Me hadde Karneval på Bygdahuset på  tysdag, 14.2-2012. Det var kjempe kjekt!
Me hadde litt snacks, pølsa i brød, brus og chips.
Alle hadde kledd seg ut, og når alle hadde kledd seg ut så måtte me jo sjølvsagt ha kåring av beste kostyme.
Fyrsteplass: John Ståle
Andre plass: Oskar
Tredjeplass: Mathias

Men alle hadde gode kostyme.
Dei kunne og bli med på limbo, stolleken og dansekonkuranse.
Kvart på åtte gjekk straumen, men det var kjekkt alika vel.
Her komme det nokon bilder:


Helsing styret i 4H.

Planteliv i Vindafjord er tittelen på ei bok som kom ut like før jul. Forfattarane er ølensbuane Lars Dalen og Torstein Haugen.  Boka er på 200 sider og i stort format, så det er ei heilt utruleg mengd opplysningar og ikkje minst fine fotografi som er samla i denne boka. Over 900 ulike plantar har dei funne og registrert. Dette er mest tredjeparten av alle karplantar som er kjende frå heile landet. Dei fleste er villplanter, men også ein del ”hageflyktningar” dei kallar, altså hageplantar som har spreidd seg og nå oppfører seg som villplantar.


Det er fleire som sitt med idear om kva dette område kan brukast til. Me har eit ønske om å prøva å samlast i lag for å planlegge uteområde.

Er det nokon som sitt med idear eller har eit ønske om å vare med, vennligst ta kontakt med Willy Skulerud på tlf 52 76 13 15. eller kontakt Elisabeth Staurland via mail: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

Fire hesteførarar møtte til kanefart på søndag: Tjerand og Ola frå Vikedal, Jostein Veim fra Tysvær og Anita Øvregård frå Imsland.

Vindafjord IL stiller i år eige stafettlag i NM på ski. Laget består av Thomas Vestbø som startar, Gerhard Steinnes og Jarle Nordtveit Åsheim utgjer resten av laget.

Løpet går av stabelen søndag 29. januar, med start 13.45

Lykke til Jarle og VIL!

Eit av slagorda til Sauda skisenter er at "Snøen er for alle!", eit motto 4H-arane gjerne stiller seg bak{#emotions_dlg.cool} . Laurdag 28. januar var det skidag i Hauk 4H, og medlemane kunne velje om dei ville reise til Svandal og køyre slalom, eller skitur på Fjellstøl. Her ser du bilete av alpingjengen:


Søndag 29. januar skal det vere kanefart rundt Ølmedalsvatnet. Start ved bygdahuset ca klokka 12.00.
Møt opp så er du kanskje heldig og får sitje på i ein av sledane? Eller du kan gå på ski! Arrangørane har avtalt med brøytemannskapet at vegen ikkje skal brøytast i full bredde på søndag.

Bilistar vert oppfordra til å køyre forsiktig og ta hensyn til følgjet{#emotions_dlg.smile}. Eller aller helst: å la bilen stå i tidsrommet mellom klokka 12.00 - 14.00

Arrangørane oppfordrar alle som har hest og slede til å delta!

Arrangør: Sauda og omland dølahestlag

PS: Værforbehold! For å gjennomføre arrangementet er ein avhengig av meir snø.

Kontaktperson: Anita Øvregård, 97 11 81 77

Laurdag 28.januar blir det skidag på Fjellstøl for aspirantane og juniorane i Hauk 4H. Juniorane får også tilbod om å reisa til Svandal denne dagen, så her er det berre å velge og vrake:-)

Me møtest på bygdahuset klokka 11.30 og kjører samla til Fjellstøl. Bodil og Edvind blir med som "reiseleiarar", men me håpar mange foreldre og sysken blir med slik at me får ein koseleg familiedag i snøen.

Me går ein runde i lysløypa (ikkje langt!) før me rastar utanfor eller inni varmestova (alt etter ver og temperatur).
Etterpå kan dei som vil kosa seg i skiløypene.

Ta med ski, niste, varm drikke og godt humør. Kle deg godt!
Gi beskjed til Bodil (99025829) innan torsdag om du blir med, slik at me kan ordna skyss til alle. Me treng nok fleire sjåførar, så det er flott om fleire foreldre (og sysken) hiv seg med!

Bli med då vel, me tek ut så sant det er snø å gå på;-) Helsing Bodil (mobil 99025829) og Edvind.

Jarle Nordtveit Åsheim fekk 2 tredjeplassar i kretsmeisterskapen på ski sist helg i Sirdal. Ragnhild Aarekol (11år) imponerte og med to 2. plassar.

I alt deltok 9 stk frå Vindafjord IL i meisterskapen som gjekk av stabelen på Feed Skiarena på Tonstad. Flott innsats!!!!

Vindetreet for 2011 er nå lagt ut for sal i bokhandlar og ein del butikkar og bankar i distriktet.
Dette er den 20. utgåva av sogeskriftet, og dette blir markert med ei  stor jubileumsutgåve på heile 120 sider.  Ein har også prøvd å friske opp layout og biletbruk i skriftet. Det er i år mange gode artiklar frå Imsland.
Framsida er pryda av eit bilete av Imslandkyrkja, og Tomas Finnvik har skrive ein artikkel om kyrkja i høve 150-års jubileet.
Ein har hatt ein serie kor ein har fått folk til å skrive om bygda si, og i år er det Imsland sin tur. Ellen Mo Marvik og Olav Marvik har skrive artikkelen "Kva er Imsland".
Vidare har Oddvar Haugland skrive ein artikkel om sin tidlegare nabo Sven Hustveit.
Gerd Borgny Skipevåg Hanken har skrive om tida ho gjekk på skulen på Hyttebø. 
Ingebrigt Bjelland har skive om si musikalske utvikling frå barndommen i Imsland til han gav ut samlinga
"Folkeleg musikk i Rogaland".
I artikkelen "Karduanbereder Salqvist" har underteikna skrive litt om kva som dukka opp då eg ville undersøkja kvifor bestemor mi Gemelia Hustveit vart døypt med mellomnavna "Schrøder Salkvist". 
Vidare skriv Tomas Finnvik om "rotne revar" i kommunestyret i Imsland.

Hovudartikkelen i år er nok "Skulestriden i Skjold". Bygda vart landskjend i 1953, då ein del av bygda bygde ein ekstra etasje på den nye skulen, medan andre med ordførar i spissen reiv han ned.
Beret Guldberg har også ein interessant artikkel om endringane som har skjedd i Vikedal frå ho først kom der  på 1970 talet til no.

Komplett artikkeloversikt finn du og på nettsida www.vindetreet.com.

Kjøp bladet! Her er mange timar med godt lesestoff!

Imsland Grendautval har leigt VMA for å oppdatera sykkelbana, det er Morten Skeie som har laga den og ungane er kjempefornøyde:D


Gåver til kyrkjejubilet.

I samband med kyrkjejubileet vart det sendt ut brev til alle husstandar i bygda og til lokale bedrifter og lag med spørsmål om å gi penger til kykjejubileet. I alt kom det her inn kr 130.650,-

Frå 25 private gjevarar kom der inn i alt kr 39.150,-.

Frå laga i bygda fekk me støtte frå:

Imsland bondelag med kr. 40.000,-
Imsland bygdkvinnelag med kr 10.000,-
Imsland bygdeliste med kr 9.000,-
Vindetreet med kr 5.000,-

Desse bedriftene støtta oss med gåver:

Halleraker Rør
Ide totaltrykk, Ølen
Spareland Sauda
Ølen Bok og Papir
SR-bank
Haugesund Sparebank
Imsland Handelslag

Me vil takka alle for gåvene som sette oss i stand til å gi ut jubileumsbok og gjennomføra jubileet på ein fin og verdig måte.

Fredag 23.oktober laga Hauk 4H festkveld på bygdahuset. Den årlege haustfesten, der medlemane stiller ut arbeidet sitt, lagar underhaldning og serverer mat, samlar små og store til ein triveleg kosekveld. Haustfesten markerer at eit 4H-år er slutt, og medlemane mottek synlege bevis på at dei har fullført prosjekta sine. Gratulerer til Bjørn Tore Sele Kaldheim som har fullført heile 4H-løpet og som mottok plaketten dette året!

 

 

 

Me hadde besøk av Tomas Finnvik på skulen. Han fortalde frå kyrkja og kyrkjelivet. Elevane syntest det var interessant å høyra korleis det var før i tida.
Elevane laga veggavis fra det dei lærte av Tomas, og frå det som stod i den flotte jubileumsboka om kyrkja.

Ein av dagane hadde me kyrkjevandring nede i kyrkja.Sokneprest Harald Eintveit var med og fortalde og synte oss rundt. Elevane laga flotte sakteikningar frå kyrkja, dei laga kolstiftteikningar, og nokre av elevane måla Gud. Alt dette blei stilt ut på Bygdahuset på jubileumsfesten.
Me byrja tidleg i haust å samla tomme melkekartongar. Me ville bruka dei til å laga ein modell av kyrkja. Den blei ikkje ferdig til jubileet, men nå står kyrkja utstilt i Imsland kyrkje. Ingrid Marie Dale hadde ansvar for dette prosjektet.





Bygdekvinnelaget har vore i barnehagen og servert mat av havre til ungane. - Me hadde med oss havreboller, havrevafler og havresuppa som fall i god smak, seier leiaren i bygdekvinnelaget Marit Svandal.

 

Elevane i Imsland har vore med i eit forsøk om alternativ opplæring i lesing. Forsøket var så vellukka at alle skulane i Vindafjord kommune frå denne hausten er med på prosjektet. Les meir på www.pirion.no

(Skjermdump: www.pirion.no)

Konserten er basert på melodiar og tekstar samla, arrangert og presentert av

Ingebrigt Bjelland i boka ”Folkeleg musikk i Rogaland”.  Repertoaret omfattar salmar, songar, skjemteviser og instrumental musikk.

Solistar:  Rannveig Westvik Skiri, song.                    Hans Petter Hansen, song.

Torunn Rønnevik, song.                                          Per Sigmund Rettedal, song.

Eirik R. Stangenes, filolin.

Musikk:   Kantorane Nelly og Juri Kotkovitch og Ingebrigt Bjelland

Inngang: kr 200,- over 18 år, kr 100,- mellom 12 og 18, barn under 12 fri inngang.


 

Jubileumsgudsteneste i Imsland kyrkje Søndag 25. sept kl 11.00

v/ sokneprest Harald Eintveit.

Biskop Erling Pettersen og prost Arne O. Øystese deltek.


 

Festmiddag i bygdahuset i Ølmedal etter gudstenesta

Soknerådet inviterer heile kyrkjelyden til middag og festleg samvære på bygdahuset etter gudstenesta. Her vil det mellom anna bli

-          Song av jentene Gunnhild Skeie, Julie Andreassen og Lydia Haugland

-          Song av Bjørg Tårland og Olaug Bjelland med Ingebrigt Bjelland ved pianoet

-          Tomas Finnvik vil fortelja litt frå kyrkjehistoria

 

Imsland sokneråd

Imsland Handelslag har blitt Coop Marked Imsland, men er framleis ein sjølvstendig butikk.

 

1. september 1921 kunne handelsstyraren, Henrik Nygaard, stilla seg bak disken i den vesle krambua på Kvaløyberget og ta imot dei første kundane.
Før ein kom så langt hadde det vore mykje førebuingsarbeid. Plasseringa var ei viktig sak, og Kvaløy låg ikkje særleg lagleg til, anna enn for kvaløybuane og dei som for sjøvegen.  Folket i Ølmedalskrinsen var vane å handla ved Imslandsjøen, og såg helst at laget heldt til der. Her var det og kai og båtsamband, telefon og post. 

Handelslaget fekk og tilbod om å kjøpa forretninga til K B Askvik ved Imslandsjøen. Handelslaget baud 35000 kroner, men tapte i konkurransen.  Så vart det gjort endeleg  vedtak om å starta i Kvaløy. 28 medlemer var det i laget, kvar av dei hadde betalt 30 kroner i innmeldingspengar og dessutan garantert for eit lån på 300 kroner.

 

Boka som soknerådet har  fått laga i samband med kyrkja sitt 150 års jubileum er nå trykt og lagt ut for salg. Ho har tittelen ”Imsland kyrkje 150 år” med undertittel ”Kyrkje og kristenliv i soknet gjennom tidene”.  Soknerådet tykkjer den valde redaksjonen: Tomas Finnvik, Oddvar Haugland, Bodhild Hustveit, Theodor Imsland og Ingrid Marvik har fått til ei vakker og innhaldsrik bok, som bør finnast i alle heimar i soknet. Det vil også vera ei gild julegåve til utflytta imslandsbuar og andre.
Boka er å få kjøpt i bankane og butikkane i Imsland og Vikedal, på bokhandelen i Ølen og på kundetorget i kommunen. Ho kostar kr 300,-

Dersom det er nokon utanbygds som ikkje får tak i boka på annan måte, kan vi senda ut bok med giro i posten.
Det kjem då kr 70,- for sending i tillegg.

Ta kontakt med Theodor Imsland på tlf. 91753446 eller på e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Her kan du lesa ei bokmelding skriven av Nils Olav Østrem.

Me reiser samla i frå Ropeid med båt onsdag 31.aug kl. 07.20 og heim att same dag frå Stavanger kl. 15.30 eller kl. 19.45. Ein syter sjølv for skyss til og fra Ropeid.

Denne dagen blir det kos og shopping i Stavanger med eit felles måltid. (Plass og tidspunkt for mat bestemme me på båten) 

Håper så mange som mulig av damene i bygda vår frå 18 år og oppover blir med på denne sosiale turen :-)

Påmelding innan mandag 29. aug til Anette mob 932 83 945 eller Torunn mob 469 60 724

 ".........Ut på tur aldri sur......."

Helsing Grendautvalet

Du kan sjå resultatlista frå motbakkeløpet HER

Bedehuset vart heilt fullsett torsdagskvelden då den årlege basaren vart arrangert.
Heldigvis var det godt ver slik at folk kunne gå ut og lufta seg innimellom.
Det kom inn vel kr 21.500,- på basaren, noko som kjem vel med når taket på bedehuset må bytast.
Soknerådet vil takka alle som tok lodd og ikkje minst for alle fine gevinstane som vart levert inn.

Huset var heilt fullt i godveret


15. juli 2011 arrangerer Vindafjord Idrettslag for første gong motbakkeløpet Hestanipen Opp 509.
Startpunkt er Vikedal sentrum og mål er på toppen av Hestanipen,
3,5 km og 509 høgdemeter lengre oppe.
Aktiv klasse startar kl 16, mosjon fra kl 14.

Påmelding: I Vikedal sentrum løpsdagen frå kl 13,
sms 41696681 (namn, fødselsår, mosjon/konkurranse)
e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.
Klikk HER for å sjå plakat.

Marine Harvest gjev 350 000 kroner og er med og delfinansierer den nye idrettshallen for Imsland, Sandeid og Vikedal.  Pengane kjem frå Marine Harvest-fondet, og i tildelingsbrevet står det at dei  ser på realisering av storhallen som eit viktig bidrag til lokalsamfunnet,  og at dei  gjerne vil hjelpa  til vidare på vegen.

Kriterium for tilskot:
Tiltaket skal komma flest muleg i lokalsamfunnet til gode.
Tilskotet skal ikkje brukast til driftsstøtte.
Tilskotet skal vera i ein kommune der Marine Harvest har verksemd.

Den totale kostnaden for idrettshallen ligg på omlag 16 millionar, og pengane frå Marine Harvest kjem godt med!

Det var ein vellukka kveld, masse folk i alle krikar og krokar!
Flott bål og god stemning!
Her må det meste ha vore ny rekord i frammøte!!

Tidligare på dagen var det fiskekonkurranse, og nær 60 stk. deltok.
Det var et yrande folkeliv på Kvaløykaien og H- laget hadde ope så lenge det var folk.

{vsig}santhans{/vsig}

Idrettshallen er snart ferdig og no er det innspurt! Det blir ein flott hall for Imsland, Vikedal og Sandeid og no skal siste rest gjerast før sommarferien. Imsland.info vil oppfordre alle som kan til å ta ei økt i hallen i veka som kjem. Ta kontakt med Turid 990 13 494, Steinar 950 59 615 eller Jan 922 22 875 viss du har sjansen til å vera med. Her kan alle bidra!

 No er kanoane klare til bruk igjen! Hauk 4H kjøpte i fjor tre kanoar som ligg ved «Stien» i Ølmedal. 

Tradisjonen tru arrangerte Hauk 4H St.Hans-feiring dette året og. Været var ikkje heilt på arrangørane si side - det var ein kjølig kveld som starta med yr og regn. Det vart ikkje deltakarrekord dette året, men det var ein koselig kveld for dei som møtte opp. Rebus, grilling, kubbespel, kaffi og kaker er hovudingrediensar denne kvelden - og i ballbingen var det aktivitet heile kvelden. Hauk 4H ynskjer alle GOD SOMMAR{#emotions_dlg.cool}

 

 No er kanoane klare til bruk igjen! Hauk 4H kjøpte i fjor tre kanoar som ligg ved «Stien» i Ølmedal. 

Hauk 4H arrangerer midtsommarfest i Grillkroken ved Imsland skule på St.Hans-afta, torsdag 23. juni frå klokka 19.00 og utover.

Sal av kaker, lappar og kaffi, samt brus, chips, sjokolade med meir.
Me fyrer i grill og bålpanne så ta med grillmat sjølv;-)

Mange kjekke aktiviteter for små og store, feks volleyballturnering, rebus, lynlotteri - og så er det flotte premiar!!  - og sjølvsagt blir det bål.

Fastbuande, forbipasserande, turistar, campinggjester, gamle og unge; De er alle hjerteleg velkomne til midtsommarfest frå klokka 19.00 og utover.

Helsing Hauk 4H

I dag vart "Ølmedal rundt" arrangert for 31. gong. Vindafjord IL, med Lars Olav Larsen i spissen, står bak arrangementet, og som vanleg gjekk alt knirkefritt og i eit flott sommarvær.

Det var omlag 1100 deltakarar totalt, og folk kosa seg ved bygdahuset, og handla på grillmat, rømmegraut, kaffi og kaker medan drøsen gjekk friskt.

Nytt av året var barneløp for ungar under 12 år. Løpet samla 100 deltakarar, som alle vart premierte med flotte medaljar.

På biletet til venstre her ser me to av deltakarane som nyleg har motteke medalje frå Petter Northug. Dei to spreke jentene heiter Norma Kristine Imsland og Elena Langeland.

 

Måndag 12. juni går Ølmedal Rundt av stabelen for 31. gong. Vindafjord Idrettslag og bygda Imsland ynskjer alle hjarteleg velkomne! Det er stor stas at VM-kongen Petter Northug kjem til oss - og nokre har førebudd seg ekstra for å ynskja Northugen velkommen:   


Kanskje tek han seg tid til å stikka oppom?

På Imsland skule har det dei siste 10 vekene vore fokus på fysisk aktivitet. Elevane har trena tre gonger i veka, og er no mykje sprekare enn før. Kanskje nokon av dei har tenkt å stilla i Ølmedal Rundt på måndag?

Du kan lesa om sprekingane her, i Grannar sin artikkel.

Løpet vert i år arrangert i nåverande utgåve for 24. gong. JA PETTER NORDTHUG KJEM

Start for sjølve løpet er kl 14.00
Det er eigen klasse for gåarar/trimmarar og desse kan starta frå kl. 11.00.
Dette året blir det også et eige barneløp for dei som er 11 år og yngre, dvs. fødde år 2000 og seinare. Start for dette løpet er kl 12.00, og distansen er om lag 600 meter.
Påmelding til løpet kan sendast Vindafjord IL, v/Lars Olav Larsen 5585 Sandeid.

E-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.


På grunn av at løpet har stor deltaking, ber vi om at påmelding på løpsdagen skjer innan 1,5 time før start.

Les innbydelsen HER

I morgon kjem ei busslast med bydamer til Vikedal for å treffa lokale ungkarar. To av ungkarane er frå Vikedal, og den tredje er Imslandsbu.

"Gøy på landet" vert arrangert av TV Norge, Monster Entertainment og Vikedal Utvikling. TV-serien skal sendast til hausten.

I morgon, fredag 27.mai klokka 09.30, kjem bussen med bydamene og stoppar ved kommunehuset. Då startar filminga og ungkarane får møta damene for første gong.

Alle er velkomne til å delta - og Vikedal Utvikling oppfordar bygdefolk til å møta opp og laga skikkeleg folkeliv i bygda. Programmet for dagane filmteamet er i området finn du her: http://www.vikedal.no/wp/

Imsland.info ynskjer ungkarane lukke til - og spesielt vår eigen lokale helt!

PS1: Redaksjonen er interesserte i bilete frå hendinga: e-post: Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.

PS2: Det er framleis hemmeleg kven deltakarne er, men eit stalltips er at ungkaren frå Imsland har denne utsikta frå stoveglaset sitt:

 

 

Tradisjonell og flott feiring i Imsland med engasjerande aktivitetar for små og store. Her rundar folketoget ut på hovudvegen, med 17.mai-komiteen i spissen: 

 

 

 

Her er årets konfirmantar - glad og letta etter at samtalegudstenesta er vel overstått:

Helge Hummervoll, Bård Ersland, Sondre Kvaløy, Hanne Øvregård, Mari Ersland, Anette Imsland Birkeland.

Kommunen overtok Imsland vassverk frå årsskiftet slik som planlagt, og
overgangen har så langt gått greit. Det nye pumpehuset blir truleg ferdig
til sommaren, og kommunen vurderer å leggja ny leidning direkte frå
pumpehuset til høgdebassenget.

Rekneskapen for vassverket for 2010 er nå klar, og kan lesast HER. Det viser
eit underskot på drifta på kr 124.493,-. I tillegg kjem kostader ført i
2011, slik at det reelle underskotet på drifta i fjor var 130.948,-.
Kostnader med det nye pumpehuset er då halde utanfor.

Dersom nokon av medlemene ynskjer utskrift av rekneskapen tilsendt, ta
kontakt med underteikna på telefon 91753446.

Theodor Imsland
Leiar


Det vart handla friskt på Krambua onsdag, då Grendeutvalet opna dørene til det gamla handelslaget i Ølmedal. Møblar, kaffikrus, kjørler, lampettar, skiutstyr med meir skifta eigar, og det var mange fornøgde fjes å sjå. Påsken i Imsland starta med strålande påskesol, uteservering, heimebakst, feriegjester og loppemarknad på Krambua.

I ein gammal koffert, full av klær og utstyr frå før-i-tida, fant Tank, vokalist i The Lucky Bullets, (nummer to frå venstre), den akkurat rette buksa for anledningen.  

 

- Det var eit veldig kjekt løp å gå, sjølv om føret og veret var ganske tungt. Det skifta mellom vind, regn og skodda oppe på heia. Eg har aldri gått så langt som dette, så det var ein veldig kjekk oppleving å prøve seg på 5-mila, seier Jarle Nordtveit Åsheim, etter at han har fått igjen pusten etter styrkeprøven. 

 

Då har me gjennomført ein av "vaskekveldane", og det gjekk kjempebra! Me hadde ikkje kalla inn folk "på namn" denne gongen, og me var spente på kor mange som ville koma.
Då dagen kom, var det 10 stk som møtte opp for å vera med å vaska/rydda på Bygdahuset, og dette var jo svært bra! Styret var og med denne kvelden,
så me var totalt 15personar som jobba frå halv seks til åtte.
Til slutt hadde me pause med litt mat og drikka, - det var ein nyttige og koselege kveld. Takk til alle som kom og var med !

Me fekk gjort mykje denne kvelden, men det er enno arbeid som gjenstår. Difor håpar me at det kjem ein god gjeng førstkomande tysdag 12.april kl. 17.30! {#emotions_dlg.smile}


Velfortent pause!!

 Thorhild Øvregård Tveit, frå Sauda, kjem og gjev inspirasjon om påskepynt på døra.
 
Dei som vil kan laga sin eigen krans.

 Marit lagar god suppe og me serverer kaffi og kake.
 Ta med kopp.

 Tysdag 12. april kl 19:30 på Bygdahuset.
 Alle er hjarteleg velkomne!

 Imsland Bygdekvinnelag

 

Myrstøl er eit flott turmål både for for små og store, med eller utan strikketøy. Start ved Tårnstølvegen (køyr til enden av bomvegen eller start ved Guri og Kjetil).
Ca 1,5 - 2 timar i lett terreng. Sist søndag var det skiføre, ca 40 cm snø i området, men den smeltar fort no så dersom du legg opp til skitur bør du ikkje utsetje det for lenge.

Altertavla i kyrkja vår er nå henta av Stavanger museum for reparasjon og for nærare  gransking. Tavla er heilt frå 1756 og stod i den gamle kyrkja. Ho vart måla opp att før ho vart sett opp i den nye kyrkja i 1912. Ein vil nå sjå om ein kan finna ut noko om den opprinnelege målinga. Ein veit heller ikkje kven som har måla altertavla opprinneleg, og vil prøva om ein kan koma nærare eit svar på dette.

Medan tavla er nede, har ein sett opp att den gamle krossen på alteret. Han var i bruk frå kyrkja vart bygd i 1861 fram til 1912. Tomas Finnvik hadde kjennskap til at han var lagra i kjellaren, og var med å rota han fram, vaska han og få han på plass.

Dersom ein vil sjå korleis kyrkja tok seg ut fram til 1912, må ta seg ein tur til gudstenesta nå på søndag, 3.april.

Museet har lova at vi skal få tavla på plass att før konfirmasjonen 15. mai.

Soknerådet


 Fiskeanlegget i Vågafossen har produsert smolt og yngel i 25 år, og er i dag ei livskraftig bedrift med fire faste arbeidsplassar.



Det vart servert nydelege heimelaga kjøtkaker på Bygdahuset i dag, søndag 27.februar. Her er dugnadsgjengen som står bak. Takk for maten!

9.klasse ved Vikedal skule viser skulerevyen Kallde'ka'duvil

Premiere onsdag 2.mars 19:30
Ny førestilling torsdag 3. mars 19:30
Sandeid Samfunnshus

Vaksne: 150,-  / Born: 100,-

 Styret i Imsland Vassverk markerte avslutning av vassverket og ein vellukka overføring til kommunen med ein middag på Ryfylke Fjordhotell onsdag 9. februar.

 

 
Per Bakkedal, Theodor Imsland, Sigbjørn Staurland 

5. og 6. klasse på Imsland skule stakk av med sigeren over 7. klasse på Skjold skule og 6. kl. på Enge skule i krimkonkurransen som Grannar stod bak.

Etter at Ingvar Moe starta denne skrivestafetten på slutten av 1989, fylgde elevane i dåverande 5. og 6. klassar ved skulane i Grannar-distriktet, opp med å forfatta dei neste kapitla.

Siste kapittel blei aldri skrive, men nå, over 20 år etter at «Mysteriet i Svartaberget» oppstod, er forteljinga avslutta.

Elevar i 6. og 7. klasse ved Enge, Imsland og Skjold skule vart trekte ut i ein konkurranse i regi av Grannar om å fullføra forteljinga.

Vinnaren blei offentleggjort under Kulturnatt i Etne laurdag 5. februar. Det var ein jury beståande av barnebokforfattar Roald Kaldestad, og bibliotekarane Guri Ravatn, Ølen og Kari Bolette Lundal, Stord som kåra vinnaren.

And the winner is: Imsland Skule, 5. og 6. klasse!!

Premien er diplom og lovord + eit forfattarbesøk i klassen.

Dette er kjempebra jobba, dei kan vera stolte over dette!

Gratulera til 5. og 6. klasse, og til norsklæraren deira Hilde Bjelland Abelseth!

Det skal vera seniortreff for Vikedal og Imsland tysdag 18.januar klokka 14:00 på Bygdahuset i Vikedal.

Betasuppe, kaffi, kaker og drøs.

Lysbilde og kåseri ved Peder Lundegård
Song og musikk ved Syng og Spel
Opplesing
Loddsal og trekking

Påmelding innan 12. januar til 52760420 (Ruth) eller
93457261 (Ingebjørg).
Gratis adgang - alle er hjerteleg velkomne!

Helsing Vikedal Husmorlag

 

 

Skidagen til 4H vart ein triveleg familidag med kos og moro på isen på Ølmedalsvatnet.
- Været var ikkje heilt på vår side, men det var mildt så me koste oss på isen me som møtte, seier 4H-rådgjevar Torunn Imsland. 

På programmet stod ein liten felles skitur, bygging av snømann, aking, og kos rundt bålet med kakao og mandariner før dagen vart runda med ein spennende stafett under mottoet Tap og vinn med samme sinn.

 
Fellestur over isen

 

Torsdag 30. desember vert det skiløp på Ølmedalsvatnet, frå klokka 12:00 - 14:00. Oppmøte ved skulen. Ta med ein vedakubbe, ski{#emotions_dlg.laughing}, varmt å drikka og mat dersom du ynskjer det. Heile familien er hjerteleg velkommen til å vera med! 


Foto: Bente Kjos-Wenjum

Lisa Marvik vart vinnar av årets "spåmann-konkurranse". Lisa hadde rett svar på 5 av spørsmåla og kan inkassere premien; julehefte, mandariner og søtsaker. Gratulerar!

Det var tett i teten, og vinnaren vart kåra ved loddtrekking mellom Gro Anita Imsland, Marianne Vanvik, Oskar, Lisa og Edvind Marvik

 

 

Bilde frå Byrkjelandsvatnet laurdag 4.desember:

 

Det var koseleg førjulstemning i Imsland då julagrana var tent i dag. Grendeutvalet står bak arrangementet, som har blitt eit svært populært innslag før jul.


Bra jobba Grendeutval!

Vikedal skule ynskjer å skaffe seg TeknoLab, og har vore på Imsland skule for demonstrasjon. Les meir.

Mathias Rønnevik har saman med klassekameratane sine i 1. og 2. klasse skrive brev på data og sendt på fjorden som flaskepost.

I norsktimen har dei skrive brev med namn, adresse, alder og at dei håpar på svar, og etter å ha teikna fint og putta brevet på ei brusflaske, køyrde dei ned til Imslandssjøen saman med lærar Bodil Imsland og kasta flaskene på sjøen. Så var det berre å venta.

 


 Mathias viser stolt fram brevet han fekk då han sende flaskepost. Bak står kontaktlærar Bodil Imsland.

Haustfesten er kvelden der 4H-medlemane inviterer slekt og venner, kjende og ukjende, til å komme og markere slutten på 4H-året.  Utstilling av prosjekt, mat, lotteri og underholdning stod på programmet, alt i regi av medlemane sjølve.  Fredag var det fullt hus på bygdahuset, og 4H-arane kan puste ut etter VEL BLÅST haustfest,-)


Oskar og Eivind studerer utstillingane. Kanskje vil dei byrje i 4H og lage utstilling sjølve neste år?

 

 

Fredag går 4H sitt store arrangement - HAUSTFESTEN - av stabelen, og denne veka er det øving nesten kvar dag. Innsatsvilje og godt humør pregar øvingane;-)

- Det vert eit kjekt program melder medlemane, som likevel ikkje vil røpa noko av innhaldet. - Den spenninga skal me halde fram til fredagen.

Alle er velkomne til haustfest på Bygdahuset fredag 29. oktober. Utstillingane opnar klokka 18:00 og festen byrjar klokka 19:00.

 - Me satsar på intensiv arbeid dei neste 2-3 vekene for å få rommet oppe på Bygdahuset klart til bruk, seier Terje Ersland, som er initiativtakar til prosjektet.

Dersom du vil, så er du er med dette invitert til å bli med på dugnad for å få siste rest på plass.

 

 

 

 Arbeidet med å byggje idrettshall i Vikedal er godt i gang, og i helga var ein driftig dugnadsgjeng frå Imsland i sving.
- Planen er at hallen skal stå ferdig til våren og dugnadsgjengen gjer ein kjempejobb, seier Jan Nordtveit, som sit i byggekomiteen. 

.
 
Henning Nordtveit, Edvind Marvik, Bjarne Rønnevik, Magne Egil Langeland, Arne Langeland, NN og Ole Johan Staurland brukte laurdagen til forskaling av ringmur til idrettshallen.

I samband med Hjortapuben på Bygdahuset i går 16. oktober, arrangerte Hjortefestivalen norsk meisterskap i brunstbrøl. Det kom mykje folk, til og med TV-team frå Sebyen. Sjå innslaget HER



Det blei Imslandsbuen Leif Egil Olsen som klarte å å framføra brunstbrølet sitt på ein så framifrå måte at dommarane kåra det til best i landet...
Ifølgje dommarane skulle han eigentleg ha vore ein spissbukk, men han høyrdest meir ut som ein tolvtaggar!!

Omlag 150 personar frå ulike bygdar var innom puben, og Geir og Andre spelte god musikk som alle såg ut til å vera fornøgde med.

Imsland Bygdahus var svært fornøgde med denne trivelege kvelden!

 

Etter gudstenesta 24. oktober vert det halde soknemøte kor ein skal handsama
biskopen sitt forslag til ny gudstenesteforordning. Dvs forslag til kor mange
gudstenester ein skal ha i året i kvart sokn og når desse skal vera.

På ekstraordinert årsmøte i vassverket vart det i kveld vedteke at årsmøtet ynskjer at kommunen skal overta vassverket frå 01.01.2011.
27 medlemar møtte, og vedtaket var samrøystes.

Ingebrigt Bjelland er Ryfylking, og født i Imsland. Han står bak Folkeleg musikk i Rogaland, som vart gjeven ut nyleg. Ein viktig del av Rogaland sin musikktradisjon vert løfta fram og dokumentert ved denne utgjevinga, som består av lydplater og tilhøyrande bok med notar, tekst og kommentarar på norsk og engelsk til alle songane/ låtane.

Søndag 26. september vart årets konfirmantar presenterte i Imsland kyrkje. Her er dei:



Frå venstre: Anette Imsland Birkeland, Hanne Øvregård, Mari Ersland, Sondre Kvaløy, Bård Ersland og sokneprest Harald Eintveit. Helge Hummervoll er og konfirmant, men var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto: Theodor Imsland

Gullkonfirmantar frå Imsland:

 

Frå venstre: Liv Imsland f. Rørtveit, Magne Øvregård, Ingrid Marvik f. Imsland, Kåre Rørtveit, Torhild Finnvik f. Aksland, Sigurd Hauge, Marit Gundersen f. Haugland, Egil Døske, Karin Imsland, Karstein Hustveit, Tordis Revheim f. Balle, Håkon Hustveit, Magnhild Indreland f. Åsland.

 

Anita tok med seg lidenskapen til akvariefisk då ho flytte til Imsland. I Haugesund hadde ho 10 akvarier på det mesta. No har ho og Tore laga fiskedammar i gardstunet på Øygarden.

 

 
  - Når eg skal slappa av tek eg gjerne med meg kaffikoppen og set meg her ved dammen, seier Anita.

På årsmøtet 20. september vart Hege Imsland Birkeland, Anette Haugland og Ole Johan Staurland valt inn i styret til musikk-korpset. Ingrid Marie Dale er dirigent for korpset, som no har 9 medlemar. Musikk-korpset vert organisert gjennom kulturskulen i kommunen.

Medlemar av vaksen-korpset bør merke seg datoane 9. november, 16. november og 23. november. Då vert det fellesøvingar med aspirantane.

 

Tysdag 21. september kjem 4H-klubben frå Ropeidhalvøya på besøk til oss i Imsland. Det vert ulike aktivitetar som til dømes kanopadling, fotball, leikar og slikt. Kanskje volleyball?

Me fyrer i bålpanna. Alle medlemmer tek med seg grillmat og drikke. Foreldre, sysken og andre er sjølvsagt velkomne til å vera med oss!

Kor tid: Tysdag 21. september klokka 18:00 - 19:30
Kor: På skuleplassen
Ta med: Drikke og grillmat. Kle deg for å vera ute. Redningsvest og eventuelt løyve frå føresette om at du får padle i kano.

 

Du har kanskje lagt merke til at det ligg haugar med masse langs grusbana på skuleplassen? No blir det terrengsykkelbane - til glede for små og store syklistar som ynskjer utfordringar.

Det er Grendeutvalet som står bak. Dei har gjennomført to vellykka loppemarknadar, og ein del av overskotet vert no altså brukt til sykkelbane;-)

I Vindafjord er det sett i gang eit nytt tilbod for å gjera det enklare for oss å låna bøker og anna frå biblioteket. Du kan bestilla via internett, telefon eller e-post og plukka varene opp på Joker i Vikedal.

Tilbodet gjeld og lydbøker, CD-ar, DVD og anna og levering kan skje på samme stad.

Les meir på kommunen sine heimesider.

Måndag 30. august skal utval for drift, utvikling og kultur handsame søknad om overføring av Imsland vassverk til kommunen.

Rådmannen rår til at kommunen tek over vassverket frå 1. januar 2011. Du finn saksutgreiinga her.

Aurelija P Hustveit bloggar for Grannar. Klikk her for å lese kva ho meinar om Kristine Koth, hundar, kattar og ungar.


Pakkers har laga video til låta Snus og bensin. Sjå videoen der Jan Nordtveit har ein av dei leiande rollene.
http://www.youtube.com/watch?v=FLItPWFgCFM

Her ser me dei 3 nye førsteklassingane som begynte på skulen torsdag 19.august.
Det er Mathias Rønnevik, Torstein Øvregård og Sara Marvik Johansen som har sin fyrste skuledag.
Dette er ein spesiell og fin dag for både elevar, foreldre og lærarar. Dei 2 fyrste dagane har skulen
"mjuk" skulestart, og då får elevane blant anna spikka, padla på Ølmedalsvatnet og laga mat på bålpanna.
Lukke til med skuletida!


Her ynskjer rektor Marita Lindal Haug velkomen.             Ingrid Marie Dale spelar trompet.


Her er elevane saman med kontaktlærar                   Elevane har samla sommarminne i øskjene        
Bodil Imsland.                                                               dei pynta då dei vitja skulen i vår.

I januar 2004 blei det arrangert vevkurs i det gamla skulehuset på Krosstveit. I ettertid har det vore  fast med veving kvar måndag.



Aldersforskjellen er stor; Karoline (bilete) er yngst på 13 år, og Margrete på 82 år er eldst. Og det er slettes ikkje berre Imslandbu som tek turen til vevstova. Her kjem jevnleg folk frå Sauda, Sand, Vikedal og Ilsvåg.

Mathias, Emil og Lena Rønnevik var på fisketur saman med farmora, Audhild i dag.
Dei prøvde fiskelukka på flytebryggja i Skipavåg, men dei fekk diverre ikkje fisk, og tok ein matpause.
Etter ei stund skjedde det som gjorde dette til ei god fiskehistorie. Ein aure på ca 600 gr. rett og slett gjorde eit hopp, og landa oppi ein båt som ligg inntil bryggja. Flaks for dei, og uflaks for fisken.
Me trur ikkje det er mange som har opplevd liknande..


Emil, Lena og Mathias med auren som hoppa oppi båten.                Flott aure.


Torsdag 19. august startar ein opp med volleyballtrening for damer i alle aldrar på Imsland Bygdahus. Treninga byrjar klokka 20:00 og nye og gamle spelerar er velkomne
.{#emotions_dlg.kiss}

Norway cup er verdas største fotballturnering. Gjennom heile turneringsveka arrangerer Statoil triksekonkurranse for å kåra den beste triksaren på sletta. Premien er mellom anna tur for to til London og billettar til kamp på Old Trafford. Helge Hummervoll spelar på Ølen G14, og var ein av fire gutar som stod att før finalen.



Det var halde soknemøte etter gudstenesta søndag 8.august for å diskutera framtida til bedehusa i Imsland. Her vart gjort følgjande vedtak:

Etter ei kjekk og triveleg helg på Stølstreff på Eikemo kunne Åsvald Imsland reise heim med førstepremie i staurbering, Ingunn Lise Espevold med andreplass i Åkrafjordmeisterskap i Mjølkespannkasting og Anne Karin Hustveit med tredjeplass i same grein. Det var bra syns me.
Stølstreff på Eikemo kan anbefalast, det er ei helg med god mat, dans på vollen og mykje løye.

Tirsdag 20. juli var det på nytt bedehusbasar ved Imslandsjøen.
Både feriegjester og bygda folk møtte mannsterkt opp, slik at huset etter kvart vart fullsett.
Gevinstane var mange og loddsalget gjekk livleg. Overskotet vart vel kr. 16.500,-, noko som må vera ny rekord for denne tradisjonelle basaren.
Soknerådet takkar alle som bidrog med gevinstar, med kaker til kaffien, og ikkje minst takk til alle som tok lodd.

Soknerådet arbeider med planar om å setja bedehuset i brukbar stand, og pengane er eit godt bidrag til dette.

Sjå bilete fra elve-safarien under Zporty-festivalen, dette gjekk føre seg i Hustveitelva og blei leia av Bjørn Mo. Spennande tur med mange zporty deltakarar!! Bileta finn du under "Album"

Redaksjonen i Imsland.info er i sommarmodus. Me ferierar og du vil kanskje merke at nettstaden berre blir oppdatert sporadisk. Men me vil gjerne ha tilsendt stoff: Har du noko du ynskjer me skal publisere; eit flott sommarbilete kanskje - eit godt ferietips - ein eller annan rarietet eller noko som kan interessere andre i bygda? Send det til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. eller Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den. så legg me det inn så snart me kan.

Me vil og gjerne ha fleire med oss i redaksjonen! Ta kontakt - du får full opplæring. - Dette er ganske kjekt faktisk! God sommar alle saman;-)


Omlag 8000 besøkte Rootsfestivalen i Vikedal dette året, og fekk servert ei rekkje strålande musikkopplevingar. Dubliners og Marit Larsen trekte eit par tusen tilskodarar fredagskvelden, medan omlag 4000 høyrde Jethro Tull og Minor Majority i hovudteltet laurdagskvelden. Mange hadde og funne vegen til båthamna fredag og spesielt laurdag føremiddag, der mellom andre Jonas Fjeld, Valkyrien Allstar og Tønes spelte for eit tallrikt publikum som koste seg i teltet og i sommarsola utanfor.

Meir om festivalen finn du i Grannar og i  Haugesund Avis.

Rootsfrukost
Festivalsjef Kurt Inge Nybru er svært nøgd etter årets festival og seier at alt har fungert godt.

- Vi har fått gode tilbakemeldingar frå publikum på at sanitæranlegg, billettar og matservering fungerer. Spesielt populært er frukosten kvar morgon, seier festivalsjef Kurt Inge Nybru til Haugesunds avis.

Det er Imsland bygdahus som syter for at festivalgjestene får ein god start på dagen. Det vert servert Rootsfrukost i båthamna fredag, laurdag og søndag medan festivalen pågår. Omlag 350 gjester nyttar seg av tilbodet, som mellom anna består av grovt brød, rundstykker, brun ost, sild, grønsaker og ikkje minst egg og bacon - så mykje du klarer å eta.



Onsdag 7. juli kunne karane frå Norhard juble då borekrona kom ut i dagen. Dei hadde då bora 730 meter, stigande frå 30 gr til 50 gr, og treffpunktet var rein innartier. Les meir hjå Norhard

Boringa av øvre og lengste del av vassvegen til Vågaåna Kraftverk er eit pionerprosjekt.
Det har aldri før vore bora så langt og så bratt med denne retningsstyrte teknologien.
Det er NORHARD – "Norwegian Hard Rock Drilling" som har utvikla boreutstyret, og står for prosjektet,- på oppdrag frå Småkraft.

Dei har hatt nokre utfordringar undervegs med blant anna dårleg fjell. Men det som tok lengst tid var då borekrona kilte seg fast 550 m inne i tunnelen som har ein diameter på 70 cm. Les meir om dette HER.

Erfaringane frå dette prosjektet vil i følge Småkraft A/S bety eit skikkeleg gjennombrot for å byggje vassveg i fjell, sjølv på små prosjekt.

GRATULERA TIL NORHARD OG SMÅKRAFT!!!!
Les meir om utbyggjinga på Småkraft.no

Dagleg leiar i  Norhard Askjell Tonstad og leiar for teknologiutvikling Sigurd Kjell Haughom ventar i spenning!

Fire flotte ungdommar frå Imsland er ferdige med ungdomsskulen og skal venda nasen ut i den store verda. Frå hausten av skal dei skilja lag med gamle skulekammeratar og byrja på det vaksne livet. Mange er vel spente på å høyra kva Håvard, Tore, Arne Egil og Jarle skal til med i den næraste framtida. Som vanleg i denne rubrikken spør me - Kva no, gutar?



Tore Hummervoll, Håvard Ersland, Arne Egil Svortevik, Jarle Nordtveit Åsheim

Kommunen har 2 ledige byggeklare tomter i feltet i Ølmedal:



Tomt 1 har areal 1007 m2 og kostar 90 000 kroner.
Tomt 2 har areal  886 m2 og kostar 67 500 kroner.

Imsland båtforening driv båthamna i Kvaløy og melder no at dei i lengre tid har vore plaga med hærverk og steling. Brannslukkingsapparat har vorte tømde på parkerte bilar, luft tappa or bildekk, påhengsmotorar har vorte stolne og fleire har funne båten tømt for bensin.  Det er og meldt om at fortøyingar er kutta og ramponering av motorar.

- Hærverket har pågått over lang tid og me vurderer no å kontakte politiet, seier leiaren i båtforeninga, Sigmund Espevoll.

Båtforeningen er interesserte i tips og dersom du har lagt merke til noko spesielt kan du ringje Sigmund Espevoll på tlf 900 20 394 eller e-post til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den..

På venterommet på ferjekaien på Ropeid kan du no korte ventetida med å lese bøker av Ingvar Ambjørnsen, Arnt Birkedal, Maria Liabø og mange, mange fleire. To hyller fulle av bøker står no klare og ventar på at reisande og andre forbifarande skal ta dei i bruk.

 

Helge Hummervoll og Bård Ersland spelar fotball på Ølen G14. I helga gjekk dei til topps i Etnecup. I finalen søndag ettermiddag slo dei Etne 5-1 og gjorde klart at dei er det beste laget i distriktet! Iallefall blant dei som deltok på Etnecup. Laget består av spelarar frå Imsland, Vikedal, Sandeid og Ølen.

Laget har tre svært engasjerte trenarar frå Sandeid; Svein Helge Lærdal, Toralf Stople og Ivar Tokheim, i tillegg til at oppmannen Synnøve Matre er ein viktig inspirator.Neste utfordring er Norway Cup i august.

Les meir i Grannar.

Åsa Mo, Anne og Margunn Birkeland trommar årleg saman til sommarleg vennetreff i Stavanger. Fastbuande og utflytta Imslandsdamer møttest laurdag for fjerde året på rad på restaurant Tango, der damene vert servert lekre rettar med tilhøyrande sprudlande drikke.

Frå venstre: Elsa Ersland, Bodil Imsland, Bjørghild Imsland, Ellen Mo, Margunn Birkeland, Gunvor Svandal, Reidun Staurland, Turid Rønnevik, Randi Hesby, Anne Birkeland, Linda Nordtveit og Elisabeth Staurland.  Åsa Mo og Bente Kjos-Wenjum er ikkje med på biletet.

Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen er klare for premiere
torsdag 17. juni klokka 19:00 på Bygdahuset i Imsland.

Det er elevane ved Imsland skule som set opp syngjespelet,
som er i 2 akter.
Her er både skodespel, rapping, kor- og solosong, i tillegg til 
instrumentale innslag og meir.

Sikre kjelder fortel redaksjonen at dette vert ei svært flott 
framsyning, og at førestellinga har alt: spenning, venskap, krig, 
redsle, glede og heldigvis er her og kjærleik.

Då vil me berre minne om lova for dyra i Hakkebakkeskogen:
1. Alle dyr i skogen må vera venner.
2. Ingen får lov til å eta kvarandre.
3. Den som er doven og ikkje finne mat sjølv, må ikkje ta mat frå andre.

Sorg Solheim Hagland Høie-Hauge er 25 år og busett i Ølmedal. Han driv einmannsgruppa SorgSvart på tysk plateselskap. Han er levande oppteken av historie, dette inkluderar også fotball-historie. Og i dag går startskotet for VM i fotball 2010. Her gjev han oss ei vurdering av VM-gruppene.

Det var eit flott syn då M/S Rogaland kom inn Storøysundet i strålande sol i dag. Inne i Skipavåg vart skipet borda, og Johan Finnvik gjekk over i ein liten båt. Det er andre gong "Rogaland" vitjar Skipavåg på på den faste rundturen den har på Kystkulturdagane, fyrste gong var i 2002. Ein kan nok takke leiaren i Veteranskibslaget,  Finn Lien for at dei vågar seg inn i så tronge farvatn, han er lokalkjend rundt holmane her. Dei hadde 54 passasjerar med seg på turen i dag, og Tomas Finnvik var guide. http://www.gamlerogaland.no/

Torunn Rønnevik er vår lokale songstjerne. No har ho prøvd seg i X-faktor. Programmet vert sendt til hausten og då kan me sjå korleis det gjekk. Heia Torunn!

Dei yngste 4H-medlemane i Hauk hadde ein fin og aktiv sommarkveld på Frønsdal aktivitetssenter i Ølen tysdag 1. juni.

Riding, kanopadling, aktivitetar, leik og grilling stod på programmet. 

Jan Sverre Frønsdal driv senteret og hadde fylgjande tilbakemelding til 4H-foreldra i Imsland: Ein kjekk og godt samansveisa gjeng det er kjekt å ha besøk av. Er det ikkje flott?

Du finn bilete frå Frønsdal her.

Nå er det jo slik at me ofte samanliknar år for år kor vellukka alt har vore, og me kan stort sett sei at det alltid har gått bra. Trur likevel at årets arrangement må vera toppen til nå, sjølv om me gjekk tomt for medaljar.

 

http://www.youtube.com/watch?v=h9hqTVBbMoA

Henning og Guro feira bryllaup i Imsland laurdag 22.mai. Her skal brudeparet førast i båt frå Imslandsjøen til Rønnevik der det vart turt bryllup.

Imsland Bygdekvinnelag markerte havreåret med å spandera havresuppa til alle som ville ha på Ølmedal Rundt. Petter Northug var ein av mange som ville smake. Det ser ut som om han likte både bygdekvinnene i Imsland og havresuppa.


Ein strålande opplagt Petter Northug gjesta Ølmedal i dag. - Målsetjinga er å klara tida til Odd-Bjørn Hjelmeseth. Klarer eg det og ein tredjeplass er eg strålande fornøgd sa Northug før løpet.

Speaker Tor Øyvind Skeiseid i samtale med Petter Northug.

Bygdekvinnelaget har no merka årets nutaturar, som går til Hustoftstølen, Brattalandsstølen og Steinskårsfjellet.

Søndag 30.mai vert det fellestur til Hustoftstølen.


Torsdag 17.juni  kl. 19 er det premiere på syngjespelet
"Klatremus og dei andre dyra i Hakkebakkeskogen".

Det er elevane ved Imsland Skule som set opp dette stykket  i 2 akter, og her er både skodespel, rapping, kor- og solosong og instrumentale innslag med meir...

Me kjem attende med meir informasjon om blant anna billettpris og kafesal i pausen.

Dette blir ei kjekk framsyning, og me vil oppfordra dykk alle til å setja av denne datoen på kalenderen!

Grannar har flotte bilete frå 17.mai-feiring, mellom anna i Imsland, berre sjå her.


Det blir altså storfint besøk i Ølmedal i helga.  Frå før har Petter Northug sagt at han stiller opp, og i dag fekk Vindafjord IL påmelding frå Norges beste langdistanseløpar, Urige Buta frå Haugesund IL.  Han sette nettopp ny norsk rekord på maraton, med kjempetida 2.10. og nokre sekundar.  Dette er god reklame for bygda og kommunen og ikkje minst Vindafjord IL.

Og så er det kjempeflott å få respons for den store innsatsen som blir lagt ned for å få arrangementet populært og trivelig.

Kan det bli ny løyperekord igjen?

Flott feiring av nasjonaldagen i Imsland

 

Det er ikkje lenge igjen til 2. pinsedag, og det er altså nok ein gong klart for Ølmedal Rundt. Kvart år sidan 1986 har løpet vore arrangert, men det var først i 1988 det tok skikkelig av.  Då var det Henny som var sjefen. Sidan har det utvikla seg endå vidare, og i dag er arrangement kjent i vid omkrets i heile idrettsmiljøet.
Sidan 1997 har me lukkast i å ha ein eller fleire idrettsprofilar med i løpet  kvart år.  For det meste er det utøvarar innan langrenn og skiskyting, men me har også som oftast hatt besøk av nokre av landets beste fri-idrettsutøvarar.
I år er det igjen klart for storfint besøk, i det Petter Northug har bekrefta at han stiller på startstreken 2. pinsedag.  Alle "kjenner" Petter Northug frå TV ruta.  Få har i så ung alder nådd så langt i medaljefangst i store mesterskap.  Me huskar han nå sist som olympisk mester på 5-mila i OL, og som gullvinnar i teamsprinten saman med Øystein Pettersen.  Sølv på stafett og bronse i sprint er også topp prestasjonar.  Vidare bar det til Falun der Petter nesten på forhånd hadde avgjort verdenscupen.  For så å avslutta med ei fantastisk flott 5-mil i Kollen, der han igjen viste seg sterkast i spurten. http://www.teamnorthug.no/

Me i VIL gler oss til dagen, og håpar inderleg på at alt klaffar både med veret og arrangementet.  Og me håpar å gi deltakarane, både trimmarar og aktive, valuta for startkontigenten.
Bygdahuset står for maten og serveringa ellers.  Me kan lova god servering, sjølv om me ikkje kan lova Ingvar lukt av grillmat:-).
Me trur på ein stor dag, og håpar at mange finn veien til Imsland og Ølmedal.

Vindafjord Idrettslag

Det var "tjokfullt" av folk då Krambua opna dørene himmelspretten.Butikken var fyllt opp med allslags lopper, og her var noko for einkvar smak.

Lefser, potetkaker, kanelbollar og anna freistande heimebakst fekk og bein å gå på, og folk koste seg ilag inne i kafe-kroken eller på uterestauranten.

Det blir offisiell åpning av Stien torsdag 13. mai kl 16.00.



 

Vindafjord kommune har lagt ut kodeord på 9 turmål i kommunen:
Kulturstien på Bjoa, Kjellesviknutsen i Ølensvåg, Bygdarenuten i Ølen, Frierane i Vats, Hestanipen i Vikedal, Ulserhaug i Vikebygd, Haraldeidsvatn i Skjold, Sønnanåstølen i Sandeid og Fatet i Imsland.


Foto: Folksomt på Fatet siste helga i april

Gratulerar med dagen til Sindre og Cathrine som vert konfirmerte søndag 2. mai.

Bondelaget og Småbrukarlaget la i dag 27. april fram sitt krav. Staten vil svara med sitt tilbud etter planen 4. mai.

Ramma for kravet er 1,865 mill kr og fordeler seg slik:
Nettoeffekt av tilskotsordningar – friske budsjettmidlar        1.139 mill kr
Auke i avtaleprisar                                                                     280  ”     ”
Avtalepris melk – overgang til %-toll                                         340   ”    ”
Sum tilskot og auke i avtaleprisar                                           1.760  ” 
Omdisponering av overførte midlar frå 2009 til 2010                  60  ”
Inntektseffekt av jordbruksfrådraget                                         45   ” 
Sum                                                                                         1.865  ”   ”

Kravet skal i hovudsak dekka:

•    Kompensasjon av kostnadsveksten
•    Kronemessig lik inntektsutvikling som andre grupper pluss eit låglønnstillegg.

Ut frå forutsetningane som er lagt vert den kronemessige effekten pr årsverk slik:
Same kronemessige tillegget som andre grupper    ca 17.000 kr/årsverk
Pluss låglønnstillegg/delvis tetting av gap               ”   10.000     ”
Sum                                                                              28.000 kr /årsverk

I kravet er følgjande element prioriterte:
Det er ikkje lagt inn noko form for omfordeling og det er lagt opp til at alle skal få eit løft, men følgjande element er likevel prioriterte
•    Styrking av mjølk- og storfekjøttproduksjon
•    Overgang frå krone- til prosenttoll for mjølk
•    Sikra ei utvikling av distriktsjordbruket bl.a. gjennom ei styrking av fraktordningane
•    Høgare verdsetting og meir bruk av beiteresussersane av inn- og utmark
•    Rekruttering til ungdom til jordbruket
•    Målretting av virkemidlar for å møta klima- og miljøutfordringar
Nødvendige midlar for å dekka opp krav ang. EU sitt Vassdirektivet må tas frå andre budsjettpostar er uttrykt i  kravet.

Forslag til endring av målprisane – auke i øre el kr pr l el kg:
Korn - matkveite               5 øre
Bygg                                 2 øre
Havre                                0 øre
Melk med forts kr toll        4 øre
Melk m/%-toll yttarleg     22 øre
Gris                                  50 øre
Sau/lam                             1 kr
Egg                                 70 øre
Potet                              13 øre
Grønsaker                      2,8 %
Frukt                              3.0%



Andre forslag til endringar:
Jordbruket går inn for å gå over til %-toll på mjølk – med grunnlag i det reknar dei med å kunna auka målprisen med 22 øre ekstra frå 1.juli i år. Det vil utgjera 340 mill kr. i ramma.
Dersom Staten ikkje vil vera med på det må dei auka ramma tilsvarande for å koma likt ut.

Det er ikkje forslag om å bruka midlar til prisnedskriving på korn til kraftfor. For å styrka økonomien til kornprodusentane er det forslag om å eit grunntilskot på 9 øre pr kg levert korn – det utgjer ca 110 mill kr. Det slår og positivt ut på kraftforprisen i det ein unngår auke i kornprisen og med det kraftforprisen.

Frakttilskot kjøtt  + 70 mill kr  -  det er rekna med at det vil gi eit gjennomsnittleg prisauke for alt slakt på ca 30 øre pr kg med følgjande fordeling:
•    21 øre/kr for gris
•    36 øre/kg for storfe
•    53 øre pr  for sau/lam
Det er og lagt inn + 8 mill i auka i stedfraktordninga for kraftfor –  målet er å få betre utjamning av kraftforprisen.
For grønsaker, frukt og potet er det forslag om å setja ned ei eiga arbeidsgruppe for å sjå på ei eiga ordning for frakttilskot til desse produksjonane.

Kvoteordningar – mjølk – her er det ikkje noko endringsforslag med unnatak av at prisen ved kjøp og sal av mjølkekvote – statlege delen – vert redusert med 50 øre til kr 3,00 pr l. Dessutan er det forslag om å dela Rogaland med Jæren som eiga sone og resten av fylket som eiga sone. I perioden 2004 til 2010 er kvotegrunnlaget på Jæren auka med ca 10 mill liter, men den er redusert med ca 5 mill l i sum for resten av fylket i same perioden.

I kravet er det ikkje teke med at bruk knytta til samdrifter og skal få leiga kvote. Det var med i fjor og staten var ikkje villeg å ta det inn då. NB ville ikkje ta omkamp på det i år, men standpunktet til NB er det same som tidlegare om at desse bruka og bør få leiga kvote, men dei valde å ikkje ta det opp i år for å koma sterkare tilbake med saka seinare ein gong.

Driftstilskotet melk er foreslått auke med 17.000 kr pr bruk.

Tilskudd til husdyr – mjølkeku er auka med1.100 kr pr dyr, for storfe med 53 kr, for mjølkegeit kr 380,, forr ammeku kr 400 opp til 50 dyr, pr vinterfora sau kr 100 opp til 100 sau og 53 kr pr sau for dei neste 100 og 21 kr for dei neste 100 dyra.

Lammeslakt + 20 kr for kvalitet O og betre.

Det er og auke i satsane for utmarksbeitetilskotet og beitetilskotet

Tilskotssatsane for økologisk drift er styrka på fleire punkt, med trend mot at meir vert betalt ut gjennom produksjonen – særleg for korn..

Botnfrådraget er redusert med 1.000 kr til 2.000 kr pr bruk.

Avløysartilskotet – maks sats er auke til 66.000 kr med noko endring og for sjukeavløysing og krav om betre samordning med arbeidsinntekt utanom bruket. Krav om å få innført ei til utbetaling av avløysartilskotet

For tidlegpensjonsordninga er det krav om at dei som nyttar seg av tidlegpensjonsordninga for landbruk også kan får fleksibel alderspensjon samtidig – slik det er og for andre partar frå 1.jan 2011.


Eigen rekrutteringspakke med følgjande element:
•    Ei rekrutterings/ungdomspakke på 50 % av grunnlaget for produksjonstilskota oppad til 50.000 pr bruk i 3 år for nye brukarar og når den nye bonden er under 35 år.
•    Ei generell styrking av velferdsordninga og ei ekstra utbetaling i januar for å styrka likviditeten
•    Pluss fleire element

Tiltakspakke – det er forslag om at det skal utarbeidast eit opplegg med tiltakspakka for investeringar i mindre driftsbygningar for grovforbasert husdyrhald. Tiltakspakka forutset finansiert utafor inntektsramma til jordbruket og skal gå over 4 år – 2011 – 2014. Forhandlingsutvalet ber om at det vert avsett 100 mill kr pr år til dette.


Dette er berre nokre av hovudpunkta i det rundt 100 sides dokumentet som du finn i sin heilhet på Bondelaget sine heimesider.

Viktige punkt kan vera utegløymde så noko fullstendig oppsummering utgjer det seg ikkje for, men vonaleg ei hjelp.

Stavanger 27. april 2010


Normal 0 21 false false false MicrosoftInternetExplorer4

Oppsummering av landbruket sitt kravdokument

Bondelaget og Småbrukarlaget la i dag 27. april fram sitt krav. Staten vil svara med sitt tilbud etter planen 4. mai.

 

Ramma for kravet er 1,865 mill kr og fordeler seg slik:

Nettoeffekt av tilskotsordningar – friske budsjettmidlar                 1.139 mill kr

Auke i avtaleprisar                                                                                280  ”     ”

Avtalepris melk – overgang til %-toll                                               340   ”

Sum tilskot og auke i avtaleprisar                                                     1.760  ”

Omdisponering av overførte midlar frå 2009 til 2010                            60  ”

Inntektseffekt av jordbruksfrådraget                                                           45   ”

Sum                                                                                       1.865  ”

Kravet skal i hovudsak dekka:

· Kompensasjon av kostnadsveksten

· Kronemessig lik inntektsutvikling som andre grupper pluss eit låglønnstillegg.

 

Ut frå forutsetningane som er lagt vert den kronemessige effekten pr årsverk slik:

Same kronemessige tillegget som andre grupper            ca 17.000 kr/årsverk

Pluss låglønnstillegg/delvis tetting av gap                      ”   10.000     ”

Sum                                                                           28.000 kr /årsverk

I kravet er følgjande element prioriterte:

Det er ikkje lagt inn noko form for omfordeling og det er lagt opp til at alle skal få eit løft, men følgjande element er likevel prioriterte

· Styrking av mjølk- og storfekjøttproduksjon

· Overgang frå krone- til prosenttoll for mjølk

· Sikra ei utvikling av distriktsjordbruket bl.a. gjennom ei styrking av fraktordningane

· Høgare verdsetting og meir bruk av beiteresussersane av inn- og utmark

· Rekruttering til ungdom til jordbruket

· Målretting av virkemidlar for å møta klima- og miljøutfordringar

Nødvendige midlar for å dekka opp krav ang. EU sitt Vassdirektivet må tas frå andre budsjettpostar er uttrykt i  kravet.

 

Forslag til endring av målprisane – auke i øre el kr pr l el kg:

Korn - matkveite                    5 øre

Bygg                                      2 øre

Havre                                     0 øre

Melk med forts kr toll                        4 øre

Melk m/%-toll yttarleg           22 øre

Gris                                        50 øre

Sau/lam                                  1 kr

Egg                                         70 øre

Potet                                       13 øre

Grønsaker                               2,8 %

Frukt                                      3.0%

Andre forslag til endringar:

Jordbruket går inn for å gå over til %-toll på mjølk – med grunnlag i det reknar dei med å kunna auka målprisen med 22 øre ekstra frå 1.juli i år. Det vil utgjera 340 mill kr. i ramma.

Dersom Staten ikkje vil vera med på det må dei auka ramma tilsvarande for å koma likt ut.

 

Det er ikkje forslag om å bruka midlar til prisnedskriving på korn til kraftfor. For å styrka økonomien til kornprodusentane er det forslag om å eit grunntilskot på 9 øre pr kg levert korn – det utgjer ca 110 mill kr. Det slår og positivt ut på kraftforprisen i det ein unngår auke i kornprisen og med det kraftforprisen.

 

Frakttilskot kjøtt  + 70 mill kr  - det er rekna med at det vil gi eit gjennomsnittleg prisauke for alt slakt på ca 30 øre pr kg med følgjande fordeling:

· 21 øre/kr for gris

· 36 øre/kg for storfe

· 53 øre pr  for sau/lam

Det er og lagt inn + 8 mill i auka i stedfraktordninga for kraftfor –  målet er å få betre utjamning av kraftforprisen.

For grønsaker, frukt og potet er det forslag om å setja ned ei eiga arbeidsgruppe for å sjå på ei eiga ordning for frakttilskot til desse produksjonane.

 

Kvoteordningar – mjølk – her er det ikkje noko endringsforslag med unnatak av at prisen ved kjøp og sal av mjølkekvote – statlege delen – vert redusert med 50 øre til kr 3,00 pr l. Dessutan er det forslag om å dela Rogaland med Jæren som eiga sone og resten av fylket som eiga sone. I perioden 2004 til 2010 er kvotegrunnlaget på Jæren auka med ca 10 mill liter, men den er redusert med ca 5 mill l i sum for resten av fylket i same perioden.

 

I kravet er det ikkje teke med at bruk knytta til samdrifter og skal få leiga kvote. Det var med i fjor og staten var ikkje villeg å ta det inn då. NB ville ikkje ta omkamp på det i år, men standpunktet til NB er det same som tidlegare om at desse bruka og bør få leiga kvote, men dei valde å ikkje ta det opp i år for å koma sterkare tilbake med saka seinare ein gong.

 

Driftstilskotet melk er foreslått auke med 17.000 kr pr bruk.

Tilskudd til husdyr – mjølkeku er auka med1.100 kr pr dyr, for storfe med 53 kr, for mjølkegeit kr 380,, forr ammeku kr 400 opp til 50 dyr, pr vinterfora sau kr 100 opp til 100 sau og 53 kr pr sau for dei neste 100 og 21 kr for dei neste 100 dyra.

 

Lammeslakt + 20 kr for kvalitet O og betre.

 

Det er og auke i satsane for utmarksbeitetilskotet og beitetilskotet

Tilskotssatsane for økologisk drift er styrka på fleire punkt, med trend mot at meir vert betalt ut gjennom produksjonen – særleg for korn..

Botnfrådraget er redusert med 1.000 kr til 2.000 kr pr bruk.

 

Avløysartilskotet – maks sats er auke til 66.000 kr med noko endring og for sjukeavløysing og krav om betre samordning med arbeidsinntekt utanom bruket. Krav om å få innført ei til utbetaling av avløysartilskotet

 

For tidlegpensjonsordninga er det krav om at dei som nyttar seg av tidlegpensjonsordninga for landbruk også kan får fleksibel alderspensjon samtidig – slik det er og for andre partar frå 1.jan 2011.

 

 

Eigen rekrutteringspakke med følgjande element:

· Ei rekrutterings/ungdomspakke på 50 % av grunnlaget for produksjonstilskota oppad til 50.000 pr bruk i 3 år for nye brukarar og når den nye bonden er under 35 år.

· Ei generell styrking av velferdsordninga og ei ekstra utbetaling i januar for å styrka likviditeten

· Pluss fleire element

 

Tiltakspakke – det er forslag om at det skal utarbeidast eit opplegg med tiltakspakka for investeringar i mindre driftsbygningar for grovforbasert husdyrhald. Tiltakspakka forutset finansiert utafor inntektsramma til jordbruket og skal gå over 4 år – 2011 – 2014. Forhandlingsutvalet ber om at det vert avsett 100 mill kr pr år til dette.

 

 

Dette er berre nokre av hovudpunkta i det rundt 100 sides dokumentet som du finn i sin heilhet på Bondelaget sine heimesider.

 

Viktige punkt kan vera utegløymde så noko fullstendig oppsummering utgjer det seg ikkje for, men vonaleg ei hjelp.

 

Stavanger 27. april 2010

shh

Team Innante frå Ropeidhalvøya og Imsland stiller i år med to bilar i
Rallycross nasjonal klasse. Ivar Finnvik byggjer ny Volvo 242, denne bilen blei ikkje klar til løpet i Vikedal 17.04.
Men broren Hallvard sin Volvo blei heldigvis klar.  
Hallvard kjørte Bilcross i fjor, og vant Vestlandsmesterskapet. I år køyrer han Rallycross nasjonal klasse opp til 2400ccm.
Hallvard stilte til start på Vikedal Motorbane utan å ha kjørt bilen før løpet.. Likevel blei det ein flott 5. plass. Me gratulerer, og gler oss til neste løp!
Les meir om teamet her: http://www.team-innante.no

Dei som ikkje fekk med seg Pakkers på Frokost TV, kan sjå og høyra det musikalske her.

http://www.youtube.com/watch?v=lKUnl46e4xY

Ingrid Marie Dale (52 år), superfrisk lærar på Imsland skule, overnatta i snøhole utanfor skulen.

Omlag 90 personar fann vegen til søndagskafeen på Bygdahuset der det vart servert omnsbakt kveite, kjøttkaker, gele og sjokoladepudding.


Det var 10. klasse ved Vikedal ungdomsskule som stod bak kafeen. Dei samlar pengar til skuleturen dei skal reisa på i samband med at dei no avsluttar 10-årig obligatorisk skulegang. Dei skal reise med Fredsreiser til Polen, og skal mellom anna vitje konsentrasjonsleirar og lære meir om kva som skjedde under 2. verdskrigen.

Det er framleis full vinter med mykje snø - og hjorten trekkjer til mateplassar langs vegen. Redaksjonen har fått melding om påkøyrt hjort i Hogganvik og i Kvaløy. Vegvesenet har no sett ned fartsgrensa ved mateplassen som ligg mellom Øvregard og Kvaløy. Oppfordringa før helga er altså: Køyr forsiktigt og set ned farten der du veit hjorten ferdast!

Foto: Dan Veggeberg

På skituren min i dag - 1. mars - trefte eg denne karen. Han låg midt i skiløypa bak Byrkjeland. Stiv og treg var han, men det var absolutt liv. Korleis hoggormen har funne på å leggja seg midt i sporet, langt frå næraste solbakke og med kuldegrader i lufta - ja det veit ikkje eg. Og eg lurer på om han klarer seg no, det er 8 kuldegrader ute....



Og apropos dei Olympiske Leikar som nett er avslutta: Dersom nokon ser Odd Bjørn Hjelmeseth så kan de helse han å seie at "is i rubben" er som ingenting å rekne mot hoggorm i sporet - slik me har i Imsland.

Onsdag 10. februar kom kraftstasjonen ved Hustveitelva på nett. Stasjonen er ikkje offisielt opna ennå, men går på minimum effekt no i ein oppstartsfase i samband med prøvedrift og testing.


Me har hatt ein uvanleg snørik vinter i Imsland i år - til glede for mange og sikkert til bry for somme. Bildeserien under viser små og store som kosar seg i snøen på Øvregard ein fin fridag i sist veke.


Gruppa IceBreakers gjorde eit svært godt inntrykk under ungdommens kulturmønstring, UKM, som gjekk av stabelen fredag 5. februar. Dei unge musikarane hadde valgt ein skikkeleg klassikar og det svinga i salen då dei drog i gang Queen sin legendariske Bohemian Rhapsody. 


Ein lesar har sendt oss dette koselige biletet av gamaldags vinter med hest og slede langs rv 46


Du har kanskje lagt merke til at landskapet langs rv 46 har opna seg – og at du ser fjorden og naturen rundt betre enn før?

Ei engasjert gruppe har lenge arbeida for å realisera idrettshall for Vikedal, Imsland og Sandeid.  - No er det endelig klart for å setja i gang, seier Nils Erik Eide, som er ein av eldsjelene bak prosjektet.

Vasslekkasjen på Bygdahuset i vinter gjorde skader på golv og vegger i gangen og i garderoben.
Det førte til reperasjonar og eit større opp-pussingsprosjekt som inneber at byslaget, gangen, garderoben og trapperommet til salen oppe no vert fornya.

Arbeidet med å innreie rommet over kjøkkenet er i gang. Planen er at allrommet skal nyttast som klubblokale for 4H-gjengen, øvingslokale for musikkinteresserte, ungdomskafe, filmrom og som møteplass for born, ungdom og andre som vil treffast til ulike aktivitetar.

Materialane er komne på plass, og Jarle, Håvard, Bård og Henning har allereie vore i sving med hammar og spiker. 

Besøk nettsida til naboane våre på Ropeidhalvøyna og les kva dei skriv om landemerket "på andra sida": Frå Dubai til Grytenuten


Utsikt frå Grytenuten til Imsland

Over heile landet kan folk no spenna på seg skia og leggja ut på tur. – Uvanleg, sjølv i Noreg, meiner Den Norske Turistforening.

– Det er uvanleg med snø ned til havnivå på Vestlandet, men no er det altså stabilt med snø over alt, fortel Heidi Bache Stranden, som arbeider med bre, is og snø for Noregs vassdrags- og energidirektorat til nettsida til Turistforeininga. ( Kjelde: ©NPK)

Skiføret i Imsland er og sjeldan bra no, og folk kan spenna på seg skia rett utanfor stovedøra. Friluftsrådet melder og om flotte forhold på Fjellstøl og Olali-området. Les meir her.

Vêrmeldingane tyder på at snøen blir liggjande ei god stund til så då er det vel berre å ynskja god tur! - Men kle deg godt!!
Skispor på Byrkjeland

imsland.info ynskjer lesarar og alle andre eit retteleg godt nytt år!

Me minner og om tevlinga "Kva skjer i Imsland i 2010?". Ny frist for å senda inn svar er søndag 3. januar 2010.

Det er silkeføre. Fullmåne. Gnistrande vintervær. Det er JUL!

 

Stein Gunnar Hustveit tek til som vaktmeister på Bygdahuset frå 01.01.10. Nøklar til Bygdahuset vil liggje i postkasse på husveggen til Stein Gunnar. Her ligg det ôg bok som den som hentar nøklar skal kvittera i. Nøkkelen blir tatt inn om natta. Stein Gunnar har tlfnr 52 76 48 38 / 950 38 546.

Imsland vakna opp til ei kvit verd i dag - søndag 20.desember. På mindre enn 1 døgn kom det omlag 1 meter snø. Me går mot ei kvit jul!
På bilda under her kan du sjå korleis det såg ut i Ølmedal søndag føremiddag:

I siste utgåve av Skuleposten som elevane i 9. klasse ved Vikedal Skule gir ut, har dei snakka med Guri Hustveit og Aurelija P. Hustveit om juletradisjonar i Imsland og Litauen. Denne artikkelen er skriven av Linnea Mattsson, Cathrine Wiland og Ida Helland, og du kan lese den HER

Å syngje jula inn er ein fin tradisjon rundtom - og slik er det i Imsland og. Søndag fekk me vera med på allsong og høyra flott musikk frå "scenen". Ingrid Marie gjer ein kjempegod jobb som musikkskulelærar, og me har eit godt tilbod her i Imsland! Her er glimt frå programmet til kulturskuleelevane:

 

Kva skjer i Imsland i 2010?

Kan du sjå i framtida? Eller tippa på kva som kjem til å henda det neste året?

Her er spørsmåla me vil ha svar på:

1.    Det er berre eit par år sidan isen på Byrkjelandsvatnet var meir enn 40 cm tjukk, og låg til slutten av april. Vert det skøyteis på Byrkjelandsvatnet, dvs minimum 15 cm tjukk is, dette året?

2.    Kor mange born vert fødde?

3.    Blir kunstgraset lagt i løpet av 2010?

4.    Kjem det til å regne midtsommar, dvs 23.juni?

5.    Vert Imsland vassverk kommunalt i 2010?

6.    Vert allrommet på Bygdahuset ferdigstillt?

7.    I november 2009 hadde Imsland.info 1589 besøk. 497 unike brukarar (ulike pc-ar) logga seg inn på nettsida, og opna til saman 8382 sider. Kor mange unike brukarar får me i mars 2010?

8.    Kor mange deltakarar vert det på Ølmedal rundt totalt?

9.    Kor mange fastbuande imslandsbuar spring i aktiv klasse – og kven av dei spring fortast?

10.    Kva lærarar finn du på lærarrommet hausten 2010? (Altså: Kven skal undervise ungane våre hausten 2010?)

11.    Kven held 17.mai-talen?


Send svara til Denne e-postadressa er beskytta mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne sjå den.. Hugs å oppgi namn, telefonnummer og e-postadresse viss du har.

Svara må sendast før året tek slutt. Flott PREMIE til årets spåmann!


Stein Gunnar Hustveit vert den nye vaktmeistaren på Bygdahuset når Lars Staurland legg inn årene ved årsskifte.


Her er Stein Gunnar og Jarle på haustfesten.

Nydeleg julasong av bandet Femfemten - med Lasse Staurland i spissen.

Du ser og høyrer han her

Julegrana vart tent i Imsland i dag - første søndag i advendt. Ein koseleg dag på Bygdahuset!

 

Imsland Musikkorps vart skipa tidleg på 80-talet, og hadde på det meste meir enn 50 aktive medlemar. Då korpset vart avvikla i 1997 var det fire aktive medlemar att.
No er korpsopplæring eit av tilboda frå Vindafjord kulturskule, og ein kan merka ei aukande musikkinteresse i bygda.

Det er no valgt eit interimstyre på tre personar som skal fungera i tida fram til eit ordinert styre kjem på bana. Bodil Imsland, Torunn Imsland og Ole Johan Staurland får mellom anna ansvaret for å kalla inn til ekstraordinert årsmøte, der det skal veljast eit nytt styre.

Imsland skule er med i det pedagogiske prosjektet Kvitebjørnen - undring og læring.

Prosjektet startar når elevane går i 6. trinn og skal fylgja elevane 2 veker kvart år til dei går ut av 10. trinn. Dette året har Kvitebjørnen fokus på innovasjon, og elevane skal ta utgangspunkt i sitt eige nærmiljø og nytta fantasien og skaparkrafta si for å koma opp med idear til forbetringar.

Prosjektet har mellom anna målsetjing om at elevane skal verta betre kjende i sitt eige miljø og læra meir om historien til heimstaden sin.

Imsland skule har mellom anna vore på tur til Imslandsjøen. Du kan lese skulen sin blogg her.

Det er Rasmus Løland-stiftinga som står bak det pedagogiske prosjektet. Du kan lese meir om Kvitebjørnen her.

Kor tid: Tysdag 27. oktober klokka 19:00
Kor: Ryfylkemuseet på Sand
Arrangør: Suldal sogelag
Kåsør: Tomas Finnvik

Først etter 2. verdskrigen kunne ein produsera kunstfrosen is i Noreg. Det Vestlige Norges Iscompani vart skipa på Ropeid kring 1890. Initiativtakar og grunder var lensmann Hans Kolbeinstveit frå Sand.

Formannskapet handsama i dag saka om eventuell nedleggjing av Imsland og Bjoa skular. Med unntak av Terje Kleiven, H, var det eit samstemt formannskap som avviste rådmannen si innstilling  om vidare utgreiing for å leggje ned skulane.

Det var ikkje stemning for å endre skulestrukturen, men formannskapet gjorde vedtak om at bygdene sjølve må ta eit ansvar for å gjere bygda til ein attraktiv stad å bu, og på denne måten motverke nedgang i folketalet.

{#emotions_dlg.smile}Redaksjonen jublar for vedtaket som vart gjort og er glad for at politikarane ser kor verdifull grendaskulen er! No er det opp til oss å gjera Imsland til ein eindå trivelegare stad å bu.

Vindafjord Arbeidsgiverforum (VAF) har vedteke å gi 20 000 kroner til prosjektet Allrom i Imsland.

- Det er ein fin start, seier Terje Ersland, som har sett i gang prosjektet. Han seier at ungdom i bygda treng ein treffplass, og meinar det er flott viss rommet over kjøkkenet på Bygdahuset vert innreia.

Allrommet kan til dømes nyttast som klubblokale for 4H-gjengen, øvingslokale for musikkinteresserte, ungdomskafe, filmrom og som møteplass for born, ungdom og andre som vil treffast til ulike aktivitetar. 

Bygdahuset stiller seg positive til planane, og dersom prosjektet vert fullfinanisert er planagt oppstart tidleg i 2010.

Heile bygda var engasjerte då Ølmedal Rundt gjekk av stabelen 2. pinsedag.

Løyperekord, ein verdsmeistar på besøk, strålande vårver, eit knirkefritt arrangement, masse deltakarar og publikum gjorde 2. pinsedag til ein festdag då Ølmedal Rundt vart arrangert for 23. gong.

Spreke  Imslandsbu som stilte til start vart heia fram av sambygdingar som har eit meir avslappa forhold til løpet. For dei aktive er Ølmedal Rundt ei inspirasjonskjelde for å holda seg i form. Det er kjekt for små og store å måla krefter med seg sjølve og andre.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716