Sponsorar





Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 


 

Hustveit – Rindanuten – Vasstølsvatnet – Hustveit. 2-3 timar

Køyr opp skogsvegen (bomveg) frå Hustveit og parker på opplagsplassen. Her står tavla vår. Følg skogsvegen til høgre. Dette er kommuneturen i år og den er merka heilt opp til Rindanuten med raude stikker.

Når vi kjem opp til den øvste myra, før siste oppstigning til nuten, svingar rundturen vår av til venstre. Her er merka med raude silkeband fram til Vasstølsvatnet. Vi går langs denne myra litt, går opp på fjelldraget og følger dette innover, framom Liabøskaret, vidare langs foten av Dyranibba og ned mot vatnet. Ta dykk tid til å gå ut på fjellknausane og nyt utsikten.

Ved Liabøstølen kjem vi inn på vegen til Myrstøl. Denne er også merka med raude stikker frå opplagsplassen og fram til Myrstøl. Følg stikkene til de ser vatnet og finn dei raude silkesløyfene att. Vi svingar av mot venstre, langs vatnet, over gjerdeklyvaren og ned langs gjerdet der de finn kassen vår. Her er det fint!

Heimturen går tilbake via Liabøstølen. Følg stikkene heilt ned til opplagsplassen. Nydelig tur nedover, delvis langs Hustveitelva.


Øspehompen. 30 min. ein veg.

Start ved Børkjelandsvatnet på tømmerflåta og gå over gjerdeklyvaren. Her er godt merka sti heilt fram til Øspehompen. Dette er eit utsiktspunkt der de har Vindafjorden under dykk.

IKKJE SLEPP UNGANE I FØREVEGEN. DET ER STUPBRATT NED TIL SJØEN.


Skjøljanuten. Tur/retur ca. 2 timar.

Køyr av til venstre før Skjøljabrua på veg innover. Parker her og følg den gamle vegen til Selland eit stykke. Sving til høgre og følg merka løype opp til Skjøljanuten. Turen er merka med raude band.

Alle turane har boks med navnebok. Bøkene blir tatt inn 30.august Det blir trekt ein premie i kvar bok. I tillegg trekkes premie til dei som har gått alle turane.

VIS NATURVET OG TA OMSYN TIL GRUNNEIGERANE OG DEIRA DYR. LUKK GRINDAR OG LE OG HUGS BANDTVANG.

GOD TUR – ALDRI SUR

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716