Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


BASAR PÅ IMSLANDSJØEN BEDEHUS TORSDAG 4 JULI KL.18.00.

Sang og musikk av Olve Birkeland frå Vikedal, og Silje Kolltveit frå Vats.
Andakt av sokneprest Tsegayesus Hurisa Hunde.
Åresalg/ loddsalg - mange flotte gevinstar! (vil du gi gevinst ta kontakt med Jolaug 97548840 eller Berit 48285677)

Kaffi/saft og kaker.
Allsong.

Ta med kontanter- eller vipps 525057.
😊   Ta med naboen og kom!!  VELKOMMEN!!!! 😊

Følgjande melding tikka inn til redaksjonen tidlegare denne veka: Me såg elg på Hushaug (Øvregård) no kl 23.30. 

Ølmedal Rundt-gjengen leverte nok eit flott arrangement i dag. Det var mykje folk i start/ mål-området og god stemning i det fine vårværet. 
Totalt 626 stillte til start der 122 sprang i aktiv klasse, 80 deltok i barneløpet og 417 gjennomførte i trimklassen. 

 Maryna Novik vann dameklassen på tida 24.40 og Henning Mæhle vann herreklassen med tida 21.11. Ragnar Stølsmark kom på andre plass med tida 21.34 og Sjur Røthe på tredjeplass med tida 21.57. Sara Aarseth sikra seg andreplassen i dameklassen med tida 25.36 og Lilly Laurense Nilsen tok tredjeplassen med tida 27.31.

Andre pinsedag, 10.juni 2019, er det igjen klart for folkefest i Ølmedal. Mosjonsløpet Ølmedal Rundt vert arrangert for 32. gong på rad, og trekkjer 700 – 900  trimmarar og aktive løparar.

Søndag 5. mai var det konfirmasjonsgudsteneste i Imsland.
Her er årets konfirmantar; Mathias Haugland Rønnevik, Sara Marvik Johansen og Torstein Øvregård, saman med sokneprest Tsegayesus Hurisa Hunde. 
Lykke til med konfirmasjonsdagen og dagane framover!

Foto:Jolaug Kaldheim

På fredag 3. mai startar Imsland Landhandel opp med «Handlebuss»
Bussen går kvar fredag.

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716