Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Det er familiegudsteneste søndag 10.mars kl 11.00. Det er avslutninga for "Den store skattejakta" i kyrkja for 1.-3.klasse. Dei har hatt 4 samlingar i kyrkja og gått på skattejakt der. Dei skal delta i gudstenesta med song og få utdelt bok og diplom. Kjekt om mange vil kome og høyre på dei! 
Mvh Berit Stople - trusopplærar i Vindafjord 

Formann i representantskapet er Morten Svandal.

Styret i bygdahuset 2019: 
Formann: Bodil Imsland
Nestformann: Erik Åsheim
Sekretær: Marie Imsland
Kasserar: Elida Serine Vikre
Styremedlem: Espen Nordtveit

Nytt kontonummer til trimrommet: 3244.66.00175
For kr 1000,- kan du trimma kor mykje du vil i eit heilt år - og du betalar medlemsavgift for kalenderåret. 

Soknerådet har hatt fem møter og har handsama 23 saker i 2018. Me har ein representant i Vindafjord kyrkjelege fellesråd, ein i felles utval for trusopplæring (FUT), to representantar i diakoni utval, og ein i lokal trusopplæringsutval for Imsland, Vikedal og Sandeid.

Det vert årsmøte i Imsland Grendautval på Imsland Bygdahus måndag 4. mars kl. 19.00.
Saksliste:

  1. Godkjenning av innkalling og saksliste
  2. Val av møteleiar
  3. Val av 2 til å skriva under i møteboka saman med møteleiar
  4. Årsmelding
  5. Rekneskap
  6. Innkomne saker
  7. Val
  8. Ymse

    Innkomne saker må vera hjå ein i styret innan 7 dagar før årsmøtet. Styret i år har vore: Leiar Hanne E. Imsland, nestleiar Ann Helen Olsen, kasserar Kristin Schibevaag, sekretær Anette Klungtveit, styremedlemmer Ann Kristin Eikeland og Monika Vanvik.

    Vel møtt!
    mvh Grendautvalet

Vindafjord kommune har for tida eit pågåande prosjekt for å få folk til å flytta til bygdene våre. I den anledning inviterer Imsland Grendautval alle som bur i Imsland til folkemøte på Imsland Bygdahus torsdag 14. februar 19.00.

Me ønsker å komme fram til kva som må til for å få folk til å flytte til bygda vår. Me ønsker å søke midlar til dette, og treng hjelp av dykk til å finne gode idear!

Håpar de tar turen og vil hjelpa oss med dette! 
Helsing Imsland Grendauvtal.

Fotograf Nordtveit har tatt mange flotte bilde. Han er premiert i fleire kategoriar og er også tatt ut på Norge sitt foto-landslag. Tysdag 19.februar kl 19.30 kjem han på bygdahuset for å vise og fortelje om bilde han har tatt.


Me har 40 tilgjengelege billettar til arrangementet som er ope for alle. Her er det førstemann til mølla!
Pris: Gratis for medlemar i Imsland bygdekvinnelag og 200,- for andre.
Kjøp billettar ved å sende oss melding i chatten eller på sms til 47 23 17 35.

i stova på Vikedal bufellesskap mandag 25. februar kl 19.00
Vanlege årsmøtesaker
Program elles:
• Orientering om Vindafjord museum
• Status på arbeidet med bygdebøkene for alle tre bygdene
• Foto frå sogelagsturen 2018

Matøkt
Alle medlemmer og andre interesserte er velkomne!

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716