Sponsorar


 

 

 

 

 

 

  

 

 

  

 


Lasse og Bente har drifta imsland.info sidan opninga i 2009. Me var innom på sist møte i grendautvalet for å drøfta nettsida (grendautvalet er eigar av nettsida), og dei overraska oss med flotte blomar som takk for innsatsen så langt, noko me sjølvsagt syntest var svært kjekt!

Me har lagt inn små og store saker desse åra, og alle artiklane som er lagt inn er søkbare fremdeles. Trafikken har auka jamnt og trutt frå 480 unike brukarar pr månad i 2009 til ca 1000 unike brukarar pr månad dei siste åra.

Visste du at du kan kjøpa annonseplass på nettsida? Det er i dag 4 annonsørar her, noko som gjev grendautvalet 8000,- i inntekt pr år. 

Me skulle gjerne hatt med oss fleire skribentar, så ta kontakt med oss viss du har lyst å vere med og bidra! Du får sjølvsagt full opplæring - og kanskje vankar det ein blome til deg og etterkvart? 

Det er ellers fint viss du sender ein liten tekst og bilete frå ting du er med på - hendingar som kan vera kjekt for andre å få med seg. Kontaktinfo finn du HER 

Dykk i arkivet
Her er oversikt over nokre "gamle" saker som kan vera kjekke å sjå igjen: 
Handelslaget fyller 90
Karneval
Elvesafari i Hustveitelva
Ny Skjøljabru
Sprudlande vennetreff
Sprekingar samla i Imsland
Sprekingar
Vel blåst 17.mai-feiring
Fant sceneantrekk på Krambua

 

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716