Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar





Vinnarane i «Den store batterijakta» er nå kåra.

Imsland skule vann ikkje hovudpremien, men det var nære på! Imsland skule blei best i Rogaland og nest best i landet på antal kilo per elev!

 
Bilete: Frå venstre og med klokka: Beate Birkeland, Mira Kristin Hansen, Amalie Vanvik-Rennesvik, Linnea Rønnevik, Madelen Rønnevik, Pelle Mattsson, Jan Torkel Mo

Me samla inn 443 kg batterier. I heile landet klarte 4.klassingar å samla inn 79 530 kg batterier på dei tre vekene konkurransen varte!
Det var kun ein klasse i heile landet som hadde meir enn oss per elev!
Me vann minidrivhus og insekthotell og blei skikkeleg glade, det skal me bruka masse!


Bilete 2:  Batterijakta premierte også dei beste bileta. Dette biletet som Mira og Jan Torkel laga handla om samhald. Det kom blant dei 10 beste i heile landet!

Alle i klassen har jobba hardt. Me laga først plakatar som me delte ut til folk og hengde opp på butikkar. Me sende plakaten vår inn til Imsland info også.
Når nokon kom med batteri måtte me først vega dei, og deretter la me inn på batterijakten.no kor mange kilo me hadde samla.
Me har hatt det veldig kjekt, me har stått på og voge kvar dag. Det passa godt for me hadde veging og måling som tema i matten desse vekene.

Me er så glade for at det er mange som har hjelpt oss,- me vil takka alle for ein god innsats,- foreldre, onklar, tanter, besteforeldre, bygdefolk (både i Imsland og Vikedal), Steinar Holthe som har levert batteria for oss på Toraneset.
Me hadde ikkje klart det utan dokker!

Me har feira sigeren. På skulekjøkenet sist fredag laga me pizza, saft og brownies. Det var veldig kjekt!

Her er fleire batteribilde som me laga: 




Helsing 3.og 4.klasse ved Imsland skule

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716