Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar





Elevane på Imsland skule er så heldige å ha ein stor blåbæråker i gongavstand frå skulen. Fredag før haustferien fekk alle dei 27 elevane på skulen koma opp i åkeren og eta og plukka så mykje dei berre ville!

Det bugna framleis av søte, store bær på buskane, og den rause eigaren, Guri Hustveit Nordbø, kunne fortelja at det har vore ein eventyrleg god sesong. Den varme våren og endå flottare hausten har gitt store avlingar på frukt og bær dette året. 

Elevane koste seg i den flotte haustsola med blåbær og vaniljesaus, og alle plukka med seg kvar sin pose heim. 
Ein kjempefin avslutning før haustferien, og ein stor takk til Guri som slapp oss laus i åkeren!

Helsing alle oss på Imsland skule


I rekke og rad på veg til blåbæreventyret!


Kasper Rønnevik og Åmund Rørtveit har koppane fulle og er klare til å helle på vaniljesausen.


Beate Staurland og Amalie Vanvik-Rennesvik


Guri Nordbø har hatt svært gode avlingar på blåbærbuskane sine i Ølmedal i år. Her kan alle koma på sjølvplukk!


Jan Torkel Mo, Kasper Rønnevik, Linnea Rønnevik og Konstanse Øvregård kosar seg med store,

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716