Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar





Komiteen kom saman kl 16.30, og før kaffien kom på kok, kom dei første gjestene for å sikra seg plass. Køen gjekk etterkvart langt bort i kyrkjegata.
Me var så heldige å få ”Belgtøttene” til å spela for oss.  Dei spelte først i garasjen til Theodor og seinare inne i salen. Skikkeleg friske takter!
Hovudlotteriet var på bok, og dei som skreiv hadde ein travel kveld. I tillegg var det to omgangar med åresalg.
Olav Vagle delte fleire bibelord med oss.
Det var ein veldig fin kveld med fullt hus. Folk drøsa og kosa seg og fekk servert kaffi og kaker. Sjå bilete nedafor/her
Me fekk inn 28.000 kr.
Soknerådet vil takka alle som kom med gevinstar til basaren og alle som kjøpte lodd, og ynskjer alle ein fortsatt god sommar!

.
FaceBook

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716