1 10 11 12 13 14 15 16 18 19 2 3 5 7 8 9

Rutetabellar


Bussruter.

Båtruter.

Ferjeruter Rogaland

 

Sponsorar






Det er no fire hjertestartarar i Imsland: på nedsida av bygdahuset, på coopen i Kvaløy, ved saga til Lars Berge i Rønnevik og på fiskeanlegget i Vågafossen.

.
FaceBook

Du har kanskje lagt merke til at det er komme nye fine benker utanfor Bygdahuset?

Bygdahuset har kjøpt inn fleire benker slik at ein no slepp å køyre bygda rundt for å samle isaman når det skal vera store arrangement ved huset. Takk til Tore og Torstein Øvregård som køyrde benkene på plass!

Helsing styret i Imsland Bygdahus

 
 
.
FaceBook

.
FaceBook

Løpet blei arrangert fredag 20. juli.  210 personar deltok.
128 i mosjonsklassen og 82 i konkurranseklassen.
Vinnaren av herreklassen, Thomas Vestbø  sette ny rekord med tida 21.39. I dameklassen blei det og ny rekord av Maryna Novik  på 26.55.

Les Heile Resultatlista.

http://www.youtube.com/watch?v=IKyytNmjZQ4

.
FaceBook

Bedehusbasaren er ei årviss hending ved Imslandsjøen.
Bedehuset har blitt rusta mykje opp i den siste tida, slikt kostar pengar, og basaren er den viktigaste inntektskjelda.  
Onsdag i sist veke var basarkvelden, og oppslutnaden var overveldande. Fullt hus og vel så det, både bufaste imslandsbuar og feriefolk. Utan å ha talt, vil me tru at dei siste var i fleirtal. Folk i alle aldrar, flest kvinner , men og ein heil flokk karar.
Alt som kunne vinnast var gåver, så det vart eit solid overskot, 22.000 kroner.
Vinstane var varierte, mykje var kjøpte ting, men også ein god del heimelaga, spøtavarer og dukar, mellom anna ein fin og forseggjord juleduk.
Den musikalske underhaldninga sytte  ”Song og spel” frå Vikedal for.
Sokneprest Eintveit hadde lova å halda andakt, men vart hindra av gravferda til ein nær slektning i Bergen. Han sende kona i staden, det kan han trygt gjera ein annan gong og.
Tradisjonen tru vart det servert kaffi, te og saft, og i tillegg mykje god og heimelaga kakemat. Ein vellukka kveld for alle, både dei som vann, og dei som laut gå tomhendte heim.  
To av dei eldste på basaren : Ingebjørg Hustveit, snart 92, og Karen Bratteland 86.

.
FaceBook


Foto: Bodil og Håvard tek ein siste sjekk på frukostbuffeen fredag morgon.

.
FaceBook

Rootsfestivalen startar i dag, torsdag 12. juli, og Imslandsbuen er også i år klar til å servere frukost til festivalgjestene{#emotions_dlg.cool}. Er dette eit fristande tilbod til deg og - sjølv om du kanskje ikkje deltek på festivalen?

Pris: 100,- for vaksne og 50,- for born. Då kan du ete kor mykje du vil! 
Opningstider: Fredag, laurdag og søndag frå 9 - 12
Kor: Båthamna i Vikedal
Betaling: Kontantar eller cashless

 

.
FaceBook

Datoen var 6. juli, veret var storveges og treffet makelaust vellukka.
Det var Jon Rønnevik som hadde ideen, og som saman med brør og foreldre fekk treffet i stand.
Ei av årsakene til at det vart halde nå, var at Leiv Rønnevik rundar år i alle næraste framtid. Ein heldt til i den nye storstova til Lars Berge.
Treffet var slett ikkje for kven som helst. Forutan å vera mann, måtte du ha runda dei sytti, og gått på skulen på Hyttebøen.
14 mann vart me kring langbordet, og stemninga var god og drøset høglydt. Ein hadde meir enn rikeleg å mimra rundt. Gamle bilete frå skulen, var også eit godt utgangspunkt for mange grundige samtalar. ”Kin kan de vara?”
Serveringa var i god og gamal tradisjon: Rømmegraut og spekemat, dravle, lefse og lappar, og til slutt fløytekake.  
Som siste post på programmet synte Lars B Skipevåg gamle bilete frå Vindastrånnå, då var klokka blitt elleve. Ein hadde halde det gåande i seks stive timar, og framleis var mykje udrøst.

Klikk på bileta for full storleik.

.
FaceBook

Du kan sjå resultatlista frå motbakkeløpet HER

.
FaceBook

Bedehuset vart heilt fullsett torsdagskvelden då den årlege basaren vart arrangert.
Heldigvis var det godt ver slik at folk kunne gå ut og lufta seg innimellom.
Det kom inn vel kr 21.500,- på basaren, noko som kjem vel med når taket på bedehuset må bytast.
Soknerådet vil takka alle som tok lodd og ikkje minst for alle fine gevinstane som vart levert inn.

Huset var heilt fullt i godveret

.
FaceBook


15. juli 2011 arrangerer Vindafjord Idrettslag for første gong motbakkeløpet Hestanipen Opp 509.
Startpunkt er Vikedal sentrum og mål er på toppen av Hestanipen,
3,5 km og 509 høgdemeter lengre oppe.
Aktiv klasse startar kl 16, mosjon fra kl 14.

Påmelding: I Vikedal sentrum løpsdagen frå kl 13,
sms 41696681 (namn, fødselsår, mosjon/konkurranse)
e-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Klikk HER for å sjå plakat.

.
FaceBook

Marine Harvest gjev 350 000 kroner og er med og delfinansierer den nye idrettshallen for Imsland, Sandeid og Vikedal.  Pengane kjem frå Marine Harvest-fondet, og i tildelingsbrevet står det at dei  ser på realisering av storhallen som eit viktig bidrag til lokalsamfunnet,  og at dei  gjerne vil hjelpa  til vidare på vegen.

Kriterium for tilskot:
Tiltaket skal komma flest muleg i lokalsamfunnet til gode.
Tilskotet skal ikkje brukast til driftsstøtte.
Tilskotet skal vera i ein kommune der Marine Harvest har verksemd.

Den totale kostnaden for idrettshallen ligg på omlag 16 millionar, og pengane frå Marine Harvest kjem godt med!

.
FaceBook

Etter ei kjekk og triveleg helg på Stølstreff på Eikemo kunne Åsvald Imsland reise heim med førstepremie i staurbering, Ingunn Lise Espevold med andreplass i Åkrafjordmeisterskap i Mjølkespannkasting og Anne Karin Hustveit med tredjeplass i same grein. Det var bra syns me.
Stølstreff på Eikemo kan anbefalast, det er ei helg med god mat, dans på vollen og mykje løye.

.
FaceBook

Tirsdag 20. juli var det på nytt bedehusbasar ved Imslandsjøen.
Både feriegjester og bygda folk møtte mannsterkt opp, slik at huset etter kvart vart fullsett.
Gevinstane var mange og loddsalget gjekk livleg. Overskotet vart vel kr. 16.500,-, noko som må vera ny rekord for denne tradisjonelle basaren.
Soknerådet takkar alle som bidrog med gevinstar, med kaker til kaffien, og ikkje minst takk til alle som tok lodd.

Soknerådet arbeider med planar om å setja bedehuset i brukbar stand, og pengane er eit godt bidrag til dette.

.
FaceBook

Sjå bilete fra elve-safarien under Zporty-festivalen, dette gjekk føre seg i Hustveitelva og blei leia av Bjørn Mo. Spennande tur med mange zporty deltakarar!! Bileta finn du under "Album"

.
FaceBook

Redaksjonen i Imsland.info er i sommarmodus. Me ferierar og du vil kanskje merke at nettstaden berre blir oppdatert sporadisk. Men me vil gjerne ha tilsendt stoff: Har du noko du ynskjer me skal publisere; eit flott sommarbilete kanskje - eit godt ferietips - ein eller annan rarietet eller noko som kan interessere andre i bygda? Send det til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. eller Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. så legg me det inn så snart me kan.

Me vil og gjerne ha fleire med oss i redaksjonen! Ta kontakt - du får full opplæring. - Dette er ganske kjekt faktisk! God sommar alle saman;-)


.
FaceBook

Omlag 8000 besøkte Rootsfestivalen i Vikedal dette året, og fekk servert ei rekkje strålande musikkopplevingar. Dubliners og Marit Larsen trekte eit par tusen tilskodarar fredagskvelden, medan omlag 4000 høyrde Jethro Tull og Minor Majority i hovudteltet laurdagskvelden. Mange hadde og funne vegen til båthamna fredag og spesielt laurdag føremiddag, der mellom andre Jonas Fjeld, Valkyrien Allstar og Tønes spelte for eit tallrikt publikum som koste seg i teltet og i sommarsola utanfor.

Meir om festivalen finn du i Grannar og i  Haugesund Avis.

Rootsfrukost
Festivalsjef Kurt Inge Nybru er svært nøgd etter årets festival og seier at alt har fungert godt.

- Vi har fått gode tilbakemeldingar frå publikum på at sanitæranlegg, billettar og matservering fungerer. Spesielt populært er frukosten kvar morgon, seier festivalsjef Kurt Inge Nybru til Haugesunds avis.

Det er Imsland bygdahus som syter for at festivalgjestene får ein god start på dagen. Det vert servert Rootsfrukost i båthamna fredag, laurdag og søndag medan festivalen pågår. Omlag 350 gjester nyttar seg av tilbodet, som mellom anna består av grovt brød, rundstykker, brun ost, sild, grønsaker og ikkje minst egg og bacon - så mykje du klarer å eta.



.
FaceBook

Onsdag 7. juli kunne karane frå Norhard juble då borekrona kom ut i dagen. Dei hadde då bora 730 meter, stigande frå 30 gr til 50 gr, og treffpunktet var rein innartier. Les meir hjå Norhard

Boringa av øvre og lengste del av vassvegen til Vågaåna Kraftverk er eit pionerprosjekt.
Det har aldri før vore bora så langt og så bratt med denne retningsstyrte teknologien.
Det er NORHARD – "Norwegian Hard Rock Drilling" som har utvikla boreutstyret, og står for prosjektet,- på oppdrag frå Småkraft.

Dei har hatt nokre utfordringar undervegs med blant anna dårleg fjell. Men det som tok lengst tid var då borekrona kilte seg fast 550 m inne i tunnelen som har ein diameter på 70 cm. Les meir om dette HER.

Erfaringane frå dette prosjektet vil i følge Småkraft A/S bety eit skikkeleg gjennombrot for å byggje vassveg i fjell, sjølv på små prosjekt.

GRATULERA TIL NORHARD OG SMÅKRAFT!!!!
Les meir om utbyggjinga på Småkraft.no

Dagleg leiar i  Norhard Askjell Tonstad og leiar for teknologiutvikling Sigurd Kjell Haughom ventar i spenning!

.
FaceBook

Fire flotte ungdommar frå Imsland er ferdige med ungdomsskulen og skal venda nasen ut i den store verda. Frå hausten av skal dei skilja lag med gamle skulekammeratar og byrja på det vaksne livet. Mange er vel spente på å høyra kva Håvard, Tore, Arne Egil og Jarle skal til med i den næraste framtida. Som vanleg i denne rubrikken spør me - Kva no, gutar?



Tore Hummervoll, Håvard Ersland, Arne Egil Svortevik, Jarle Nordtveit Åsheim

.
FaceBook

Kommunen har 2 ledige byggeklare tomter i feltet i Ølmedal:



Tomt 1 har areal 1007 m2 og kostar 90 000 kroner.
Tomt 2 har areal  886 m2 og kostar 67 500 kroner.

.
FaceBook


Det er no utplassert 5 hjartestartarar i Imsland.
Sjå kart over kor dei befinne seg HER
For utskrift

Kontakt:

Bente Kjos-Wenjum: bente.kjos@gmail.com tlf: 472 31 735
Lasse Skipevåg: lars@skipevag.com tlf: 905 25 716