Styret tok gjenvalg: Anita Øvregård, Marita Staurland og Sølvi Staurland vart valde for 2 år. Kristin Hansen, Gudrun Dyrset og Bente Kjos-Wenjum vart valde for 1 år. Gudrun vart vald som leiar. Laget har fått mange nye medlemar i løpet av det siste året; me har auka frå 15 til 33! Me satsa på to …
Elevane på Imsland skule er så heldige å ha ein stor blåbæråker i gongavstand frå skulen. Fredag før haustferien fekk alle dei 27 elevane på skulen koma opp i åkeren og eta og plukka så mykje dei berre ville! Det bugna framleis av søte, store bær på buskane, og den rause eigaren, Guri Hustveit Nordbø, kunne …
Årets gullkonfirmantar:Frå venstre: Liv Imsland Gulbrandsen, Bjarne Emil Torsteinbø, Liv Norunn Hustveit Bakkedal og Bodhild Åsland Hustveit.Dei andre i kullet: Bjarte Skipevåg, Kitty Marie Hustveit Sletteland, Kåre Finnvik (død) og Gunnar Martin Torsteinbø (død).
Biletet er teke før konfirmantfesten på bedehuset tirsdag 26. april.På biletet: Merete Imsland Birkeland, Nina Rønnevik, Sofia Hustveit, sokneprest Harald Eintveit, Emil Haugland Rønnevik, Oskar Marvik og Eivind Langeland.{gallery}konf16{/gallery}Konfirmantane i Imsland 2016 Biletet er teke før konfirmantfesten på bedehuset tirsdag 26. april.På biletet: Merete Imsland Birkeland, Nina Rønnevik, Sofia Hustveit, sokneprest Harald Eintveit, Emil Haugland …
Det nærmar seg frist for høyring angåande alternativ for kommunesamanslåing. Alternativa er: 0-alternativet = Vindafjord kommune held fram som ein kommuneVE = Vindafjord og Etne kommuneVESS = Vindafjord, Etne, Sauda og Suldal kommuneMe i grendeutvalget vil gi ei tilbakemelding på dette og har du ei meining om det vil me gjerne høyre den. Frist for …
Nytt frå Imsland Bygdekvinnelag: Norges Bygdekvinnelag støttar oss med 8000,- i prosjektmidlar for å gjennomføre «Bygda i bevegelse» i Imsland. Planen er at me skal arrangere fire turar i løpet av året, knytt til dei 4 årstidene. Alle er velkomne til å bli med på tur, og mat kjem til å vera ein viktig komponent på minst to …
No skal alle damene i Imsland over 18 år ha mottatt invitasjon til fest! Viss du ikkje har fått invitasjon – eller veit om nokon som manglar – er det veldig fint viss du tek kontakt med ein av oss i bygdekvinnelaget. Og så var det klokkeslettet: festen startar kl 19.30