År: 2014

Lys vaken i kyrkja laurdag 29. november

Dagen etter, 30. november, var den første søndagen i advent. Då er det tid for å ringja inn det nye kyrkjeåret.Klokka 18 om kvelden møtte to vaksne og 5 born frå 5. og 6. klassetrinn, spente opp på Bedehuset og lurte på kva kvelden ville bringa. Me laga først taco. Det er alltid gildt å …

Juleverkstad på Øvregård

Det var fullt hus og god stemning på låven då Anita Øvregård inviterte til juleverkstad på Øvregård.

ÅRSREFERAT FOR IMSLAND BYGDEKVINNELAG

ÅRSREFERAT  FOR IMSLAND BYGDEKVINNELAG   05.11.13 – 29.10.14MED TILLEGG REFERAT FRÅ ÅRSMØTET 30.10.14. 07.11.13 – årsmøte på bygdahuset.  Ingrid leia møtet og starta med å ynskje alle dei 13 oppmøtte  velkomne.  Deretter tok vi ein song, slik det alltid blei gjort før.

Vil du bli ny lydansvarleg på Bygdahuset?

Bygdahuset treng ny lydansvarleg. Stein Gunnar har vore lydmann i mange år og vil slutte. Han gir opplæring til den/dei som vil overta. Er du interessert så ta kontakt med Stein Gunnar, 950 38 546 eller styreleiar Arne Svandal, 975 41 103 for meir info.

VINDAFJORD KOMMUNE GJEV BORT VASSLEIDNING.

I samband med at Vindafjord kommune skiftar ut vassleidningen i Ølmedalsvatnet vil det vera mogleg å få heile eller deler av denne leidningen. Dersom ein er interessert tar ein kontakt med Leif Magnus Dale på telefon 958 36 594 før tysdag 21. Leidningen er av type 75 mm PE med ei lengde på 600 – 700 …

Nytt frå kyrkja vår

I gudstenesta søndag 31 august vart dei nye konfirmantane presenterte. Klikk på bilda for stor versjon{gallery}konf14{/gallery}Gullkonfirmantfesten var i år lagt til Sandeid. Her ser du dei 50-årskonfirmantane frå Imsland som var med.{gallery}gullkonf14{/gallery}Laurdag 20. september møtte 4-åringane i kyrkja for trusopplæring og for å bli kjende i kyrkja. Lillian Eikeland stod føre arrangementet og delte også …

Pengegåve til Bygdahuset frå «Husabø krins»

Laurdag 27. september var det haustpub på Bygdahuset, og innviing av nyoppussa storsal. Det blei ein hyggeleg kveld der det blei servert canapear og champagne. Revystjerner frå åtti- og nittitalet var og på plass, og dei hadde ikkje gløymt gamle kunster! «Skræmmern» var og innom og fekk ført inn nye skremmeinnslag i boka si. Hallgeir …

Haustpub på bygdahuset 27. september

Kryss av i kalenderen! Dette blir kjempegreier.Klikk på bildet under og sjå plakaten!{gallery}haustpub14{/gallery}

Hjertestartar

Det er no fire hjertestartarar i Imsland: på nedsida av bygdahuset, på coopen i Kvaløy, ved saga til Lars Berge i Rønnevik og på fiskeanlegget i Vågafossen.